Under overskrifta «Verkeleg, Norddal?» refererer avisa Sunnmøringen i siste nummer frå eit møte i Stranda formannskap der temperaturen hadde vore på kokepunktet, og der Norddal kommune fekk så hatten passa. Til og med redaktøren i Sunnmøringen gjorde felles front med politikarane for å skjelle ut naboen.

Ektefølt sinne er ikkje å forakte når det er grunnlag for det, men i dette tilfellet blir det skote langt over målet. Eg ser difor behov for kommentere nokre av påstandane.

Mange undrar seg over kva som ligg til grunn for denne rørande omsorga for naboen. Har ikkje Stranda nok å stri med på heimebane? Er dette noko Stranda kommune treng å bekymre seg for? Som ei trøyst til rådmannen kan eg opplyse at Telemarksforsking har rekna ut, at Fjord kommune er ei av dei mest «lønsame» kommunesamanslåingane i heile Noreg.

I Stranda er det framleis samanslåing som er gjennomgangsmelodien i den politiske debatten. Det må det gjerne vere, men i forhold til Norddal og Stordal og Fjord kommune, er det ikkje eit tema!

Den diskusjonen er ferdig for lenge sidan. Verken i Norddal eller i Stordal er det interesse for samanslåing med Stranda. Det veit ordføraren i Stranda, men han er ikkje tilfreds med svaret. Han held difor fram å snakke om samanslåing. Saka om kommunesamanslåing vart for vårt vedkomande avslutta då stortinget gjorde vedtak om Fjord kommune i juni 2017.

Det synest eg at både ordføraren og rådmann i Stranda bør respektere. Det saka no gjeld er eit spørsmål om grenseregulering, og ingen ting anna! Å late som det framleis handlar om samanslåing, er å bomme på oppgåva!

Men etter fleire utspel i media i seinare tid, og seinast etter utblåsinga om Geiranger i Stranda formannskap sist måndag, sit eg att med eit inntrykk av at bygdelag i Stranda er freda vilt, medan andre jaktreglar gjeld for Norddal.

Så til redaktøren i Sunnmøringen. Det vert på leiarplass sagt at «Norddal utviser ingen respekt for Stranda kommune». Det vert vidare sagt at «vi er ufine» og at vi nok ein gong «kastar blår i auga på Stranda». Dette er sjeldan kraftig kost – sjølv frå det «frie ord»! Viss det er korrekt sitert i avisa vedkomande forhandlingar om kjøp av skuleplassar i Valldal for elevar frå Liabygda, må ein undre seg over kva slags sakspapir formannskapet har hatt til handsaming.

I Norddal kostar ein skuleplass 156.000 pr. elev og år. I Stordal er prisen 113.000. I Stranda er tilsvarande pris 129.000. Etter avslutta forhandlingar ligg tilbodet frå Fjord på 100.000 kroner. Sunnmøringen kallar dette tilbodet for «ufint». Eg vil heller kalle det billegsal når du betaler for 1 og går ut av butikken med 1,5!

Arne SandnesOrdførar i Norddal

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Norddal-ordførar Arne Sandnes.