Omgrepet «Sheriffen av Nottingham» har ikkje blitt mindre aktuelt for Støre og Vedum!

Der Sp og AP regjeringa tar pengane frå det Norske folk og næringslivet, og i staden fyller opp statskassa så pengebingen nesten revnar.

Ufatteleg at det ikkje går an å kutte drivstoffavgifta, Norge tar inn mange hundre milliard kr ekstra på grunn av skyhøge olje og gassprisar. Andre land kuttar drivstoffavgiftene men Vedum og Støre nektar!

Ufatteleg at det ikkje går an å innføre makspris på straum, staten håvar inn milliardar på milliardar og sender straumen ut av landet. Vedum og Støre sender rekninga til vanlege folk og næringslivet!

Ufatteleg at regjeringa ikkje kuttar matmomsen, matvareprisane går til himmels medan Vedum og Støre vasser i pengar etter ei overfylt statskasse.

Kva meiner du, burde det vore mogleg å forlange nyval og kaste dagens regjering?

Eg meiner Norge trenger ei ny regjering, og det burde vere mogleg med nyval.

FrP har fremma framlegg på framlegg om å kutte avgifter. Kutt av avgifter er inflasjonsdempande, og ville ført til lågare press på renta. Med lågare straum og drivstoffprisar ville ikkje næringslivet vore nøydd til å auke prisane ut til kunden.

At matvareprisane også går til himmels, vitnar berre enda meir om ei regjering ute av kontroll.

Nei, Vedum og Støre må ut av regjeringskontora så raskt som råd,

«Og DU som veljar kan hjelpe dei med dette i tida framover»