Tysdag 23. august kunne ein lese Hålands engasjerte innlegg der han hevdar at Momentium er på ville vegar som betalar 2000 frivillige for å utføre arbeid på festivalar og konsertar. I innlegget konkluderer han med at «den dagen vi i Langevåg IL eller Sula frivilligsentral må ty til innleigde arbeidarar som får betalt – er også dagen då vi er ferdige.»

Slik eg oppfattar innlegget, har Håland rett og slett misforstått Momentium si ordning for frivillige. Ingen jobbar som frivillige for Momentium, men Momentium leige inn 2000 kvinner og menn som arbeidar som frivillige for til dømes Emblem IL eller ei skuleklasse som skal på tur.

I Noreg har vi ein lang og sterk tradisjon for at frivillige utfører dugnadsarbeid for lag, organisasjonar, korps, kor, skuleklasser etc. Slik er det framleis, og det nyttar Momentium seg av i stor skala.

Eg oppfordrar Håland til å sende ei førespurnad til frivillig@momentium.no Kanskje kan arbeid for oss vere med på å finansiere vedlikehald av det flotte idrettsanlegget i Langevåg eller deltaking i Norway Cup for eit eller fleire av fotballaga i idrettslaget. I tillegg til pengar i kassa til Langevåg IL, skal dugnadsarbeidarane, altså dei frivillige, få vaflar og kaffi.