So far, so good.

Viss elevane skal vere betre rusta i framtida og vere gode demokratiske menneske, hevdar kunnskapsministeren at skulen må ha gode lærarar med solid kompetanse. Kor kom då ideen om å konstruere eit nytt såkalla danningsfag frå, eit tåkelagt kjempefagområde som skal oppstå i ruinane frå solide humanistiske, realistiske og samfunnsvitskapelege fag som historie, religion, naturfag, samfunnsfag og geografi?

Kva med all den kompetansen lærarar har i desse faga i dagens norske skule? Dette er ei lite konstruktiv tilnærming, der lærarar på den eine sida nærast blir framstilt som mindre kompetente, og for å bøte på dette, vil ein koke opp ei ny, tynn suppe på gamle og gode råvarer. Slik som det gamle o-faget som vi hadde i barneskulen før.

I ei tid der nettet renner over av alskens slagg, hat, konspirasjonsteoriar og manipuleringar av alle slag, er det nett no gode lærarar med solid fagkompetanse i spesielt humanistiske og samfunnsvitskapelege fag trengst som faglege fyrtårn i skulen i ei tid med løgn og sekulær overtru.

Samfunnet i dag er uhyre komplekst, og det er viktigare enn på mange tiår å trene opp barn og unge (vaksne òg, men det er ikkje aktuelt her) i kritisk tenking der ein nyttar fortolkingsrammer frå fleire fagområde, og difor er det viktig at vi styrker desse fagområda som ein no vil fjerne.

Ei anna, sekundær problemstilling er at ungdom og vaksne som vurderer å satse på ei utdanning for å bli lærar no vil kvi seg for det. Skulen er under omstilling heile tida, men dette spesifikke innspelet vil nok skremme vekk fleire enn det vil lokke. Det er sannsynleg at ‒ viss dette blir vedteke ‒ det vil bli skipa ei lektorutdanning i dette nye danningsfaget.

Kven vil tørre å byrje på denne utdanninga? Eit enormt fagområde, kokt på fleire akademiske tradisjonar, og der det vil vere vanskeleg å finne ein solid, fagleg substans. I forslaget til fullføringsreforma har ein prioritert fem gjenstridige problem.

Eit av desse problema er at skulen ikkje gjev elevane det dei treng for å bli best mogleg førebudd på vidare studium. Skal eit nytt gråmassefag vere med på å bøte på dette?

Eit anna problem som er trekt fram er at VGO er i for liten grad tilpassa elevar med svakt faglege grunnlag. Skal eit nytt fag som er «shoppa» frå eit enormt tverrfagleg område ‒ med solide akademiske tradisjonar ‒ hjelpe desse?

Forslaget om å fjerne dei tidlegare nemnte faga og bytte dei ut med eit nytt danningsfag er ei irrelevant problemstilling, det er ikkje fundert grundig nok. I tillegg vil innføringa av eit slikt nytt fag på kostnad av dei tradisjonelle øydelegge for det som denne stortingsmeldinga faktisk vil prøve å syte for.

Som lærar gjev eg dette forslaget strykkarakter. O-fag er prøvd for lenge sidan, og vi forlét det og gjekk vidare.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!