Desse to har finslipt teknikken med å ikkje svare på spørsmål, men komme med skinnsvar der dei kjem med usaklege karakteristikkar av motparten, vrir fakta etter eiga forteneste og andre triks som ein ikkje vil ha som ein del av den opne, politiske debatten.

Motstandarar blir omtala som ekstremistar, og forskarar blir møtt med skjellsord og forsøk på undergraving. Dette er ein farleg trend. Eit problem er at motstandarar og programleiarar ikkje møter slike utspel adekvat, men lèt dei komme unna med det.

Mi store frykt er at vi skal komme inn i ein skyttargravsdebatt slik som det har utvikla seg i USA, og konsekvensane av det er skremmande: I dag snakkar vi seriøst om at det amerikanske demokratiet står i fare. Kven hadde trudd det for ti eller tjue år sidan?

Denne debatt-trenden Sylvi og co. er med på å utvikle og legg premissane for, er dei så altfor klar over. Dei er og fullt klar over at dei ikkje debatterer, men messar ustoppeleg frå partiprogrammet sitt og slagorda sine, og kjem med usaklege åtak på motstandarar. Utan å bli møtt med adekvat motstand, då programleiarar og motstandarar ikkje har lært seg til å møte med «debatt-teknikken».

Denne utviklinga går fort, og det er ytterpunkta i det norske, politiske landskapet som er raskast med å følgje opp trenden. Berre følg med framover. Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!