Etter at Skodje, Ørskog, Haram, Sandøy og Ålesund kommunar vart éin kommune i 2020, er det no rørsle i samanslutninga att. Då intensjonsavtalen vart laga for samanslåinga til nye Ålesund kommune, vart det signert med ein avtale om at den nye kommunen skulle vere ein nynorsk kommune. Avtalen vart eit viktig emne i kommunevalkampen i 2019, og valresultatet synte eit lite, men avklart fleirtal for nynorsk, og dermed vart nye Ålesund den største nynorskkommunen av dei alle.

Fleirtalet vedtok ein språkbruksplan som gav nytt rom for nynorsken i Ålesund kommune, samstundes som han tok omsyn til all bokmålsbruken i tidlegare Ålesund kommune. Ålesund kommune har såleis blitt ein stor og viktig tekstprodusent av nynorsk, og nynorsken har blitt meir synleg for mange. Informasjon på nettsidene, i sosiale medium og i sakspapir på nynorsk er kanskje den aller viktigaste og mest banebrytande endringa.

Framtida for språkpolitikken i Ålesund har til no ikkje teke særleg plass i debatten om ei eventuell deling av kommunen. For oss målfolk er det viktig at nynorsken vert styrkt, enten det vert ei endring i samansetjinga av kommunen eller ikkje. Sidan nye Ålesund vart ein realitet og vedtaket om nynorsk i kommunen kom på plass, har me fått ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk, og språkpolitikken i Ålesund kommune er ei viktig brikke i dette.

Det er viktig at nynorsken er synleg i kommunen, og spesielt viktig er det for unge nynorskbrukarar som skal bli trygge i språket sitt. I dag er det 2401 nynorskelevar i Ålesund kommune og nesten 2000 born som går i barnehage i skulekrinsar med nynorsk opplæringsmål. For dei betyr det noko kva slags språkpolitikk kommunen deira har.

Dagens språkpolitikk kom ikkje av seg sjølv. Han vart kjempa gjennom av folkevalde og veljarar som ynskte han, og det har gjeve resultat. Difor: Ein språkpolitikk for framtida krev at me tek eit aktivt standpunkt for nynorsk. Enten Haram er ein del av Ålesund vidare eller ikkje.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!