Giske kommune har nettopp hatt ein omfattande prosess innan skulestrukturering. Enden vart ein felles ungdomsskule. Dette er ei løysing vi i Giske Ap sluttar oss til og meiner er det beste både for elevane og kommunen.

Det er difor slett ikkje med glede vi nok ein gong må gå inn i ein struktureringsdebatt. Eit privatselskap, Møre ungdomsskule Giske AS, heileigd av ein privatperson, har søkt om å få starte privat ungdomsskule på Valderøya. Å sende ein slik søknad er sjølvsagt noko alle har lov til å gjere, og vi politikarar må gje vårt råd til staten, som avgjer dette, om kva vi meiner er rett. For Giske Ap var dette ikkje spesielt vanskeleg. Vi går mot oppretting av ein ny ungdomsskule i Giske.

Den offentlege fellesskulen har vore og er ein av dei verkeleg gode byggesteinane i vårt samfunn. Den har gjort at vi har utvikla eit samfunn med etter måten små forskjellar. Den offentlege skule har bygd oss saman.

Vi i Giske Ap har svært stor tru på vår offentlege skule og dei verdiane skulen har gitt oss i generasjonar. Vi vil satse på fellesskapen og den felles skulen som bygg samfunnet — ikkje segregering og eliteskular. Som lokalsamfunn er det heilt klart ei styrke at vi gjennom skulen får skapt gode, felles, møteplassar på tvers av livssyn, hudfarge, økonomisk betalingsevne, funksjonsnivå og kjønnsidentitet. Fellesskapen den offentlege skulen har vore opp gjennom vår historie har gitt oss alle nokre felles referansar som knyter oss saman.

Giske Ap vil satse på den offentlege skulen. Ei oppdeling av elevkulla på skulane knytt til ulike livssyn (kristne skular, koran skular osv.) eller andre særinteresser, er ikkje noko vi klarer å sjå kan tene lokalsamfunnet vårt. Snarare ser vi fort dette kan true sjølve grunnlaget til våre mindre skular.

Ein sterk lokalt forankra skule får vi gjennom ein samla, offentleg skule for alle, ikkje gjennom oppdeling etter lommebok, religion eller hudfarge.