I dag kom dagen då eg melder meg ut av Den norske kyrkja. Eg er døypt, konfirmert og gift i dei ulike kyrkjene i Giske kommune og har også latt tradisjonen gått vidare til barna mine, men no er det altså slutt for min del. Kristendommen har alltid for meg vore som ei forteljing. Eg hadde ein farfar som var fanatisk. Han var godt likt, men også frykta for sine meiningar og si eiga tolking av Bibelen. Jehovas Vitner, som før gjekk rundt i Giske kommune og ringde på dører, gjekk helst forbi huset til Nikken, for dei kom seg ikkje derifrå. I ungdomsåra hamna eg også i nokre diskusjonar med han, men han var urokkeleg i si tru og sine overtydingar.

Eg hadde eit håp om at Nikken og dei heilage overtydingane hannar ikkje blei vidareført etter han, og mange av bedehusvennane hannar gjekk bort på nittitalet. Men den gong ei… Eg heldt på å få kaffien i vranga då eg las portrettintervjuet med den «lune og hyggelege» presten vi har i Giske kommune, han som har døypt våre barn, gifta våre venner, og konfirmert våre ungdommar.

Han seier at mange ser på han som ein mørkemann, og at han har såkalla konservative haldningar, og blant dei haldningane seier han vidare at han seier nei til kyrkjeleg vigsel av våre barn, systrer, brør, fedrar og mødrer, altså dei lesbiske og homofile, han seier nei til kvinnelege prestar i presteteneste, og han er motstandar av abort.

Det er berre så trist, frustrerande og skuffande at Giske kommune verkeleg kan tillate å ha ein tilsett med slike haldningar. Så no gjer eg det eg har tenkt på i årevis, eg melder meg ut av denne fantasiverda som kyrkja står fram som. Takk for meg.