I slutten av oktober rømde 35 000 oppdrettslaks frå eit anlegg i Vadheimsfjorden i Sogn. NRK Vestland fortel at ein del av den rømde fisken vart fanga i mange av elvane som renn ut i Sognefjorden.

Over 100 gjenfanga laks vart analyserte for sjukdom, og det synte seg at tilnærma alle fiskane hadde alvorlege og dødelege sjukdomar.

Analysane viste at oppdrettslaksen hadde Pankreas sjukdom (PD) hjarte- og skjelettmuskelbetennele (PRV) og piscint myokardittvirus (PMCV). Vi får vite at fisk som har Pankreas sjukdom døyr etter 2 – 3 veker.

Laksane som "rømde" frå Aller Aqua sitt anlegg i Vadheimsfjorden, skulle slaktast der.

Dei ansvarleg ved Aller Aqua opplyser at den frykta laksesjukdomen PD ikkje var påvist i merden som fisken rømde frå.

Det kan ikkje herske særleg tvil om at når all analysert laks har slike dødelege sjukdomar, så står det like ille til med fisken som ikkje rømde.

Vi kan heller ikkje anna enn å konkludere med at dødeleg sjuk fisk til slutt endar på menyen rundt om i hytter og hus, og på juleborda.

Ville dette kunne skje i husdyrproduksjon som til dømes av storfe, gris og sau? Ville sjuke husdyr blitt slakta og brukt til menneskeføde?

Mange spørsmål melder seg når slikt kan skje utan massive protestar frå politikarar, byråkratar og folk flest. Korleis stiller Mattilsynet og andre kontrollorgan seg til dette?

Media er svært så tafatte i denne saka og i andre saker som gjeld lakseindustrien. Det ser ut som det er greitt at lobbyistane får styre som dei vil. Difor er det viktig at media og folk flest etter kvart kjem på banen med krav om å få vite kva som skjer i denne næringa "som skal berge oss når oljen tar slutt".