Lovise Nikoline Voldsund, fylkestingskandidat for FrP i Møre og Romsdal, skriv eit stort sett godt innlegg på Smp.no 3. mars, om viktigheita av YSK-linjene i fylket. Det som provoserer meg i innlegget, er når ho spør om at «kanskje ikkje det er musikk, dans og drama fylket skal styrke når næringslivet satsar på både det maritime og reiseliv?» og slik set yrkesfaglege linjer som direkte rettar seg mot næringslivet opp mot framtida til estetiske fag og linjer.

Vi treng eit bredt tilbod av ulike yrkesfag og studiespesialiserande linjer, og det gjer meg bekymra om næringslivet aleine skal diktere kva utdanningstilbod fylket skal tilby og satse på. Den maritime næringa stiller sterkt økonomisk og har midlar til å legge til rette for etablering av slike linjer. Det er kjempeflott, men vi må prøve å syte for at det ikkje går på kostnad av andre fag. Elevar er forskjellig og dei motiverast på ulikt vis gjennom ulike interesser. Å einsrette vidaregåande skule til at ein først og fremst skal møte etterspurnaden til næringslivet er ikkje nødvendigvis det som får ein elev gjennom eit skuleløp.

Sjølv er eg kontaktlærar på studiespesialiserande med fokus på internasjonalisering på 6. året. Min erfaring er at denne linja skil seg litt ut i kvardagen med eit litt anna fokus enn berre det studiespesialiserande løpet. Dette gir elevane som søkjer seg inn her den ekstra motivasjonen ein treng for å kome seg gjennom skulegangen.

Dette gjeld også for andre linjer, som nemnde musikk, dans og drama. Løpet gir generell studiekompetanse, men det gir også mykje læring, kompetanse, samhald, motivasjon, meistring og glede for dei som vel ein praktisk-estetisk tilnærming i den vidaregåande opplæringa si. Eg kunne ønske vi kunne tilby det til fleire, ikkje færre.

Det er ingen motsetnad mellom praktisk-estetiske fag og yrkesfag retta mot næringsliv. Det politikarar i fylket må prioritere først og fremst er eit godt og desentralisert tilbod som gjer at fleire elevar kan velje vidaregåande skular nært seg, og sleppe å flytte på hybel for å gå linja ein drøymer om. Vi må ha eit bredt utval av ulike yrkesfaglege og studiespesialiserande linjer på dei ulike skulane.

Det er ikkje all verdiskaping som kan målast like lett i kroner og ører. Men det eg veit, som lærar og politikar, er at kvar elev som gjennomfører eit studieløp og får generell studiekompetanse eller eit fagbrev, er hundre prosent ei form for verdiskaping. Og vi må tilby det studieløpet som gjer at eleven kjem seg gjennom.