YTRING:

Nynorsk-striden

Leserinnlegg

I fylkestinget uttrykte Monica Molvær frå Høgre eit ynske om å gjere Møre og Romsdal, som i dag er eit nynorskfylke, til eit målnøytralt fylke. Ein kunne lese i Sunnmørsposten at grunnen hennar til å endre på administrasjonsmålet, var av di ein då kunne spare pengar, sidan ein då ikkje trong bruke tid på «språkvask og korrektur».

Det verkar som Molvær meiner at det ikkje er naudsynt med språkrøkt. Men vi veit frå ein kampanje om klårspråk i staten at språket er noko ein burde arbeide meir med, ikkje mindre. Kan det hende at ein ved å vere meir medviten til språkbruken, då får eit klårare og betre språk?

Det som i alle fall er visst, ein sparar ikkje pengar ved å få meir tåketale, og ein då må til med fleire byråkratar for å handsame alle spørsmåla om det lite gjennomtrengjelege språket ein til tider kan få utan språkrøkt. Dei fylkestilsette må likevel kunne nynorsk, sidan det kjem til å halde fram som tenestemål, då dette er regulert av mållova.

Nynorsken er ogso ein viktig identitetsmarkør og ein viktig kulturmarkør for fylket, då tenkjer eg ikkje berre på opphavet, men han er mykje i bruk blant vanlege folk ogso. Desse folka fortener då å bu i eit fylke som nyttar språket deira, då det er so mange andre som vel det vekk, som til dømes riksavisene. Ein vil ikkje spare pengar på å innføre språknøytralitet, og fylkeskommunen er der for å tene folket som bur i fylket, ikkje motsett.

HÅKON REMØY

Styremedlem studentmållaget i Bergen