Borna er ikkje lenge saman med andre på ulike arenaer før ordet bestevenn dukkar opp.

Omgrepet, som i utgangspunktet og i rett samanheng er positivt, blir ofte til eit stress – og mobbeord. Ordet er sterkt, og særs personleg lada: Kva er feil med meg er tankar som kjem, og ei kjensle av å vere mislikt og utanfor sit i barnesinnet.

Stress

Borna blir ikkje berre stressa. Dei vert usikre, spente og mange vert ulukkelege, og forstår lite av det heile.

Alle vil gjerne ha ein bestevenn, men slik blir det ofte ikkje. «Eg vil ikkje vere bestevenn med deg, eller du er ikkje min bestevenn.»

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Mange får høyre slikt og det gjer noko med borna, samtidig som dei opplever andre bestevennforhold rundt seg. Det går utover sjølvtillita, og sjølvbiletet kan få seg ein unødvendig og alvorleg knekk i ein viktig utviklingsperiode. Med god grunn vert vaksne som anar kva som skjer i barnemiljø og sporar fylgjer av dette, indignerte og frustrerte.

Venn

Bruken av bestevennomgrepet må reduserast og mest mogeleg vekk. Det må poengterast overfor borna at det heiter venner, at vi har mange gode venner.

Vaksne har ansvar på dette feltet, totalt for det psykososiale miljøet, ikkje minst i barnehagar der grunnlaget vert lagt for korleis ein person vil kome til å oppfatte seg sjølv. Visst står det om bestevenner i bøker, og Barne TV påverkar unødig sterkt. Desto viktigare er det med ein motkultur som varetek borna.

Les flere innlegg på smp.no!

Bevisste

Pappskallar blir kanskje eit nytt omgrep ein bør vere obs på etter innslag i Barne TV der ein illustrerer pappskallen med ei pappøskje over hovudet. Kva poenget kunne vere veit eg ikkje, men små born tek ikkje så lange forklaringsrekkjer. Dei hugsar best det enkle – og bilete.

Det er ynskjeleg at både foreldre og personale der borna er, er bevisste på bruken av bestevennomgrepet, passar på og stiller krav både til seg sjølve og til media som sender program for born.

Hold deg oppdatert - følg smp.no på Facebook!