Ytring 1. juli:

«Norddal kommune, næringspolitikk og heilag identitet»

«Alle som bur i denne kommunen burde sørge for å ha ein jurist i familien», sa mora mi. Tidleg innsåg eg at dette var kloke ord.

Næring: Turisme er viktig for Norddal kommune. Forfattaren av innlegget etterlyser ein meir føreseieleg kurs og likebehandling av ulike næringsaktørar i utvikling av denne næringa, og meiner at dei faste gjestane må vere minst like viktig som dei som er på gjennomreise. 

Er tilhøva i kommunen vår så små som det synest, burde vi nok søke hjelp utanfrå

Leserinnlegg

Eli Linge Boatwright, Fjellro turisthotell, har skrive denne ytringen.  Foto: Privat

Det er mangt som kan vere vanskeleg å forstå, som kva som ligg bak Norddal kommune sin næringspolitikk. Vi høyrer fine ord om at ein ynskjer utflytta norddølingar tilbake, bygda treng dei, folketalet er i skremmande nedgang, kommunen har velkomstpakke og vil hjelpe med tilrettelegging.

Kva skjer så når nokon (er så dumme at dei) bit på dette agnet og satsar tid, krefter, kreativitet og pengar på å få dette til? Nei, då gjeld brått ikkje tidlegare reglar. Leigeinntekter og arbeidsplassar tel lite. Kommunen har større vyar, god råd og vil heller betale for at prektigare folk slepp til.

Kommunen vår har mange rasområde og steinane som fell kan vere store og tunge nok til å knuse den dei treff. Velkomstpakke og tilrettelegging? Ord eller skrift tel berre om rett person fremmar det. Enkelte saker gir ekko utom bygda. Nokre flirer og kallar saksgangen latterleg, ugild og skammeleg, medan dei som sakene råkar, ofte gret.

Slik burde det ikkje vere lov å behandle folket sitt. Det er både respektlaust og å halde nokon for narr. Synd at den unge generasjonen opplever at dårleg behandling går i arv.

Skulle starte serveringsstad i Valldal: Skuffa over reiselivskommunen

Funne for lette

Enkelte sine pengar er meir verd enn andre, er ein påstand. Her får nokon kjøpe grunn for ei krone med gratis oppbygd parkeringsplass og vedlikehald slengt med på kjøpet. Kor mange millionar kosta det? Andre får av uviss grunn ikkje kjøpe, sjølv om dei er viljuge til å betale.

Nokon får bygge i tsunamioppskyllingsområdet og får velkomstklem og fine ord i gåve. Andre som ligg i akkurat same området, får ikkje bygge, då der er tsunamifare. Forstå det den som kan! Skal ein starte opp med noko, veit kommunen best kva som trengst og kven dei ikkje vil ha der. I alle fall betre enn dei det gjeld.

Både enkeltpersonar, ja til og med heile bygdelag, kan få ei kjensle av å ha vorte vekta og funne for lette. Mange er rett og slett usynlege, dei eksisterer ikkje i kommuneleiinga sitt samvit. Kvifor stiller ingen spørsmål ved nye hefte og forslag som vert tromma gjennom og ikkje minst ved kven som fremmar endringane og kvifor?

Eim av hestehandel

Dei folkevalde sitt mandat er å vere folket si røyst. Med nokre få heiderlege unntak tykkjer eg politikarane våre har svikta veljarane sine. «Styre eller bli styrt?», skreiv ordførar Sandnes i ein artikkel i SN i høve kommunereforma. Ja, kven er det eigentleg som styrer og kven blir styrt?

Er tilhøva i kommunen vår så små som det synest, burde vi nok søke hjelp utanfrå. Ein eim av hestehandel og kameraderi synest å ulme og dunste bak lokaldemokratiet.

Etablerte og nye næringar treng støtte heller enn å detaljstyre slik at det vert uråd å drive. Nyleg blei ei lovendring i alkoholpolitisk handlingsplan innført der campingplassar (huff) og bygg med funksjonar som t.d. kiosk, ikkje får skjenkeløyve.

Mange serveringsstadar har òg liknande funksjonar knytt til seg, men der er alt OK. Denne endringa gjer at næring i hamnebygget heller ikkje får skjenkeløyve, då der er eit gatekjøkken. Merkeleg i grunn at det ikkje vert lov å ha næring med mat og drikke der, berre historisk religiøs verksemd og gatekjøkken. Serverar ikkje gatekjøkkenet mat?

Enkelte ved roret synest legge jarnring rundt seg og sitt slik at dei samstundes stenger for moglege konkurrentar på finurleg vis.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Mangfald eit must

Arador, son min, søkte og fekk tilslag på å leige bygget til bistro. I søknaden var turistinformasjon ein del av konseptet. Det var kommunen ikkje interessert i å støtte før dei omstøytte tildelinga hans med ny utlysing skreddarsydd til pilegrimssenter! Då vart informasjonsbiten brått viktig.

Om kommunen satsar på å verte avlastingsplass/hamn for Geiranger, treng vi sårt å utvikle og utvide serveringstilboda. Mangfald og kvalitet er eit «must» for å få til dette.

Mi 40 års fartstid innanfor turisme har ført til god kontakt med både hytte-, båt- og campingfolk. Svært mange av desse er skuffa over kommunen sin politikk på hamna. Dei såg fram til å få eit nytt tilbod og ville brukt det jamt. Desse «turistane» meiner eg er viktigare for bygda enn gjennomgangsturisten. På sikt legg dei igjen store summar og støttar lokale verksemder nesten året rundt.

Næringspolitikken vår synest vege sine innbyggarar på gullvekt. Gullkalvar kan knytast til både lokalhistorie og religion, men ikkje alltid i positiv lei. Klart at bygda må verne om si historie og identitet, men er bygdefolket med der? Historia kjem i etterkant av levd liv, om her då er att nokon å skrive om. Om Heilag Olav sine mirakel og pilegrimsferd er det som definerer vår identitet, etterlyser eg ein betre sogeskrivar.

«Hegemoney»?

Turisme og religion kan kombinerast, men det burde vere ein føresetnad å gjere seg kjent i eigen bakgard først. Enkelte stikk fingeren i jorda, medan andre peikar fingeren freidig mot sky. Å ha nærkontakt med jorda er bygdekultur og er med å gi håp om at noko nytt kan spire og gro.

Englesong, tru og tvil, gode historiske segner og andre skrøner, kan ein nyte rundt ei god matoppleving hos ein vert midt i vårt vakre nærområde.

Eg konkluderer med at forskjellsbehandling har med både namn og status å gjere. Eigenopplevde runddansar rundt tildeling av tomt og løyve som vert gitt og utan grunn trekt tilbake, underskriftslister, hemmelege selskap og anna rart på agendaen, understrekar dette. Har dette med hegemoni eller «hegemoney» å gjere? Sonen min har lytta til bestemora si og skaffa seg jurist. Synd at styringa vår steller seg slik at dette er nødvendig.

Synd at eg ikkje er stolt over å vere norddaling.

Eli Linge Boatwright
Fjellro turisthotell