Ytring 26. september:

«Hallo Sunnmøre – Nordfjord kallar!»

Eg har 50 års erfaring med å vere Nordfjording, og eg blei stum av beundring då at eg ser at tre Vestlandsfylke vil slå seg saman til eitt stort, og at skal Sogn og Fjordane få ansvaret for veg og kultur i det nye fylket.

Nordover: Er det to ting Sogn og Fjordane fylke ikkje kan seg noko med, sett frå Nordfjord, så er det veg og kultur, meiner forfattaren av innlegget. Han meiner at også Stryn og det meste av Nordfjord bør orientere seg nordover mot Sunnmøre i samband med regionreformen. Arkivfoto: Knut Arne Aarset  Foto: Knut Arne Aarset

Reiser Stryn over fylkesgrensa, så trur eg at resten av Nordfjord utanom Gloppen følgjer med på flyttelasset

Ytring

Etter mi meining er det to ting vi ikkje kan noko om her i fylket: Veg og kultur. Vi kan ta Lærdalstunnelen som eksempel. Den er 25 km lang, betalt av fylket, men tener Hordaland mest. Den går på sørsida av Sognefjorden, og er ikkje tenleg for meir enn indre Sogn, som er den minst folketette regionen i fylket. Nabobygder, som Vik, vil ha eigen tunnel til Voss.


Det kan vere på plass å spørje i kor stor grad det har vore vekst i Lærdal og Aurland etter at tunnelen opna i 2000, etter å ha kosta over 1 milliard. Det tragiske er at traseen går rett inn i eit rasområde i Gudvangen, og at vegen vidare er underdimensjonert, og for umoderne og rasfarleg til at den kan brukast til gjennomgangstrafikk. Hordaland vil skrote den. Så kjem satsinga på Kjøsnes- fjorden. Med sine steinras og kostnader er denne vegen noko for seg sjølv. Tunnelen gjennom til Fjærland er for trong og for mørk sjølv om den opna i 1986.

La meg vere ærleg. Denne råsa av ein veg passar betre for Widerøe flyselskap enn den gjer for fisketrailerane frå Sunnmøre. Der har aldri gått trailertrafikk frå Sunnmøre over Hemsedal, og det kjem det ikkje til å gjere i framtida heller.

Bakgrunn: Statens vegvesen anbefaler Hemsedalsfjellet

Så kjem satsinga av Dalfjord-brua til 1,1 milliard. Det er her brua som skulle vore på Lote-Anda ligg. Og Bremanger 1 og 2. Det er klart at folket som bur der treng veg, men er det innovativt for storsamfunnet? Dersom Hordaland vil ha Hardangervidda fram for Hemsedal, er det gode grunnar til det. Eg meiner at dersom Sunnmøre i lag med Nordfjord vil ha satsing på rassikring og ny trase for Strynefjellet, så er det gode grunnar til det. Grunnar som andre må respektere.


Leserinnlegg:

Vestlandsregionen og Møre og Romsdal

Det føregår for tida eit hektisk arbeid i alle fylka i landet for å legge grunnlaget for ei ny regioninndeling som skal erstatte dagens fylkesstruktur.

Så vil ordføraren i Jølster ha omkamp på E39 indre line som går i lag med fylkesveg 60. Traseen har ei rett line nord-sør, heilt frå Skei til Molde. Traseen går utanfor tettbygd strøk, har liten høgdeforskjell, er rask å bygge, er i stor grad ferdigbygd alt, er skånsam mot dyr og miljø, har størst innsparing i km og tid på heile E39, kjem til i tverrsnitt alle bygder og byar i begge fylke ferjefritt, vegen er skåna for rasfare og uver. I tillegg knyter den til seg mange nye kommunar og distrikt til fellesskapet. Førde er i lag med Sykkylven kvar sine ytterpunkt.

Les flere innlegg på smp.no!

Det er tragisk at sterke krefter i fylket vårt har jobba i mot tunnel i Utvikfjellet. Olden-Innvik, som har stor trafikk, har ein brukt 35 år på å ferdigstille. Det har alltid blitt jobba mot Strynefjellstraseen. Paul Svarstad frå Stryn flytta nærmast inn på Stortinget som representant, og brukte all sin tid på å framsnakke Strynefjellet i mange år. Det har blitt jobba i mot Kvivsvegen og Grodås- Møre grense. No har vi mista Hornindal Kommune til Volda. Kvifor har vi det? Så kan vi ta Stryn.


Det er ikkje lenge sidan fylkesadministrasjonen ville legge ned den vidaregåande skulen i den største tettstaden i Nordfjord og den fjerde største tettstaden i fylket. Så kjem tilhengarane av Hemsedal på banen, som ikkje veit skilnaden på å vere midtpunkt og knutepunkt, og vil legge ned indre line.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Hadde det ikkje vore fordi vi er så like sunnmøringane, og at dei i tillegg likar oss og, så hadde Stryn vore på storleik med Hyen i dag. Det er berre ein ting å sei til utspelet. Det gjer det enkelt for oss å velje kva fylke vil vi vere ein del av i framtida. Reiser Stryn over fylkesgrensa, så trur eg at resten av Nordfjord utanom Gloppen følgjer med på flyttelasset. Vi er trass alt gode naboar med Sunnmøre heile gjengen.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.