Ytring 27. september:

«Bibelen i politikken»

Parti med gud?:Tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, advarer mot farane ved å blande saman religion og partipolitikk. 

Leserinnlegg

Fleire kjende sunnmøringar innan Kristeleg Folkeparti har skrive under på eit ope brev der dei advarer mot nedtoninga av kristne verdiar i partiet.

Nestorane Per Sævik, Kjell Furnes og Odd Giske er alle vel respekterte leiarar innan næringsliv og politikk. I ein mannsalder har dei gjort ein stor samfunnsmessig innsats på Nordvestlandet.

Det bør ikkje vere eit hinder for at ein set spørsmål ved måten dei argumenterer politisk. Eg skal ikkje blande meg inn i interne prosessar i KrF, men eg har behov for at dei klargjer kva slags Bibel-bruk som ligg bak innhaldet i brevet. Desse problemstillingane har eg jobba mykje med i dei siste par år i samband med ei bok eg gir ut på Kagge Forlag. Den heiter «En Gud for de mange».


Jakten på en KrF-stjerne

Det var en gang en mann fra Molde som het Kjell Magne Bondevik. Han er savnet i Møre og Romsdal KrF.

Der peikar eg på at Gud og Bibelen er blitt brukt til mykje rart inn i konkrete politiske prosessar. Ved folkerøystingane om EU i 1972 og 1994, hevda deler av kristenfolket at EU var Antikrist, og at ein måtte halde seg langt unna eit medlemskap i den europeiske fellesskapen. Fleire av dei har i etterkant teke sjølvkritikk på korleis Bibelen vart brukt i ei politisk kampsak.

Eg opplever at det same gjentek seg i spørsmålet om konflikten i Midtausten. Mange truande kristne ber fram sjablongmessige påstandar der dei hevdar at Bibelen gir klare føringar for korleis utfallet av konflikten skal bli. Nokre meiner også at grensene i Midtausten er teikna opp i Det gamle testamentet.

I brevet og i eit intervju i Vårt Land legg også brevskrivarane vekt på haldninga til Israel. Mellom anna er dei urolege for at Kristeleg Folkeparti ikkje skal støtte ei flytting av den norske ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem. Ei slik flytting er internasjonalt svært omdiskutert.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sævik, Furnes og Giske treng å bli utfordra på kvifor dette skal vere ein del av programmet til eit norsk, politisk parti. Mange truande hevdar at Gud velsignar Israel spesielt framfor andre land. Det ville vere interessant om brevskrivarane kunne gjere greie for teologien og bibelsyn som ligg bak eit slikt teologisk standpunkt og i kva grad det skal få føring for konkret politikk.

I brevet heiter det også at «ekteskapet mellom mann og kvinne er den eneste samlivsform som bærer Guds velsignelse over seg». Her legg ein sterke åndelege føringar inn i eit politisk spørsmål. Da hadde det vore bra om brevskrivarane kunne dokumentere og synleggjere kva som ligg i denne påstanden.

Les flere innlegg på smp.no!

Samanblanding av politikk og religion er eit svært vanskeleg felt der det krevst stor varsemd og tydeleg argumentasjon. «Gud har sagt!», «Det er bestemt!», «Det står skrive!». Det er lett å bruke Bibelen på ein måte som gjer at den generelle tiltrua til Bibelen forvitrar hjå folk flest. Eg er trygg på at det ikkje er ynskjemålet til Sævik, Furnes og Giske. Difor er det viktig at dei grunngjev standpunkta inn mot dei politiske spørsmåla.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.