Ytring 18. oktober:

«Frå jubel til Møreaksen»

Det er sjeldan eg jublar og hoppar av glede i politiske samanhengar. Men den gongen Senterpartiet sat i den raud-grøne regjeringa, og vår samferdselsminister Marit Arnstad la fram ambisjonen om ferjefri E39 innan 20 år – då jubla eg.

Byggeklart: Det er teknisk mulig å bygge hengebrua over Julsundet i dag. Andre fjordkryssinger krever utvikling av nye tekniske løsninger. Disse ligger blant annet derfor bak Møreaksen i E39-løypa. Illustrasjon: Møreaksen 

Det er eit gryteklårt prosjekt, og bygginga kan starte allereie i 2018

Leserinnlegg

Jenny Klinge fra Senterpartiet.  Foto: Staale Wattø

Eg trur aldri eg har sett så blid ut under eit intervju hos TV2 Nyhetskanalen som då eg skulle koma med ein reaksjon på dette.

Det var rett og slett ei knakande god nyheit etter at eg hadde vore blant dei mange som hadde jobba for dette i årevis. Ein unik allianse av næringslivsaktørar, politikarar på ulike nivå og vegprosjektselskapa hadde fått overtydd regjeringa om at ein ferjefri kyststamveg på Vestlandet var verdt å satse mange milliardar kroner på.

Peikar seg ut

Og den spenstige ambisjonen var realistisk – føresett at teknologiutviklinga skjedde i rett fart og at pengane skulle koma til rett tid i dei komande åra.


Se video: Slik blir Norges lengste bro

Se presentasjonen Statens vegvesen har lagt ut om kryssinga av Romsdalsfjorden.

No har Møreaksen peikt seg tydeleg ut som neste prosjekt i køen for å bli starta opp etter Rogfast, men ein ting er klårt: Ambisjonen om å realisere ferjefri E39 innan 20 år blir ikkje oppfylt viss ein ikkje kjem i gang med å byggje Møreaksen raskt. Det er eit gryteklårt prosjekt, og bygginga kan starte allereie i 2018.

Eg stiller meg bak det Hammerø og Espeland frå Møreaksen AS i ein kronikk nyleg slo fast om at «all forskyving av oppstart utover 2018, vil være en politisk vedtatt utsettelse av prosjektet». I den nye Nasjonal transportplan som skal gjelde frå 2018, må Møreaksen ha oppstartsmidlar så tidleg som mogleg. Dette vil ikkje berre koma Møreaksen til gode, men også dei andre fjordkryssingsprosjekta på E39 i fylket vårt.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Står i same køen

Både Halsafjordsambandet og Hafast står i den same køen for å bli realiserte, og pengane kan ikkje koma til alle prosjekta til same tid.


Hareid Fastlandssamband:

Bruekspertane trur på Hafast

– Utfordringa med å få regjering og storting med på planane synest større enn dei tekniske utfordringane.

No håpar eg på nye politiske grunnar til å juble framover. Ein slik god grunn vil vera at regjeringa og Stortinget går inn for oppstart av Møreaksen i 2018 eller seinast i 2019. Då ser det lysare ut for Hafast og Halsafjordsambandet også.

Til saman vil desse tre prosjekta innebera store nye moglegheiter for utviklinga av fylket vårt.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant for Senterpartiet

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.