Forsvaret ber Stortinget om å legge ned Heimevernet i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dette veldige landområdet har si krigshistorie frå 2. Verdskrig blant anna frå Romsdalen og Matrefjella.

Over Åndalsnes og opp Romsdalen strøymde i 1940 dei første norske og allierte soldatar, dessverre i seinaste laget for å stanse og drive tilbake den tyske angrepshæren. Det vart for seint.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dette og alt det andre som vart for seint og for svakt i 1940, har vi teke med oss som ein blodig lærdom.

Stortinget fortsetter debatten om forsvaret: Ingen enighet om Forsvarets langtidsplan innen fristen

Heimevernet vart grunnlagt på erfaringar frå Milorg og Kompani Linge.

Frå Kompani Linge adopterte Heimevernet kampånd og metode. Gjennom skiftande kår i Det norske forsvaret har Heimevernet vakse inn i bygd og by og gitt eit nærvær, vorte ei lokal kraft i krig og fred. Heimevernet er ein del av malmen i Forsvaret. Stortinget må ikkje skusle med den nokon stad i landet, og kanskje aller minst i dag.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.