Innlegg av Ragnar Ulstein:

«Legg ikkje ned Heimevernet»

Veteran: Krigshistoriker og krigsveteran, Ragnar Ulstein, advarer sterkt mot å svekke Heimevernet, og viser til lærdommen fra det tyske angrepet på Norge i 1940. Foto: Staale Wattø 

Leserinnlegg

Forsvaret ber Stortinget om å legge ned Heimevernet i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dette veldige landområdet har si krigshistorie frå 2. Verdskrig blant anna frå Romsdalen og Matrefjella.

Over Åndalsnes og opp Romsdalen strøymde i 1940 dei første norske og allierte soldatar, dessverre i seinaste laget for å stanse og drive tilbake den tyske angrepshæren. Det vart for seint.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dette og alt det andre som vart for seint og for svakt i 1940, har vi teke med oss som ein blodig lærdom.


Å legge ned Setnesmoen og HV-11 er den komplette forsvarspolitiske galskap, advarer Linge-veteranene Joachim Rønneberg og Ragnar Ulstein

– Vi kan ikke sitte her og se på. Dette er vårt siste rop!

– Skulle virkelig galskapen vinne, er vi ille ute. Politikerne må bruke disse siste dagene til å tvile seg fram til det rette. Gjøre et vedtak som holder, sier Joachim Rønneberg.

I Matrefjella kom våren 1945 ein norsk base av Milorg, «Bjørn Vest», på omkring 250 mann i forsvarsstrid med ein større styrke tyske soldatar. Bjørn Vest miste seks av sine HS-jegerar, Tyske tap var ein god del større. «Bjørn Vest» og Milorg var siste krigsåret bygt opp i alle distrikt. Kampane i «Bjørn Vest» viste at relativt små avdelingar og grupper instruert i småkrig av Lingesoldatar, kunne binde relativt store fiendtlege styrkar, eller uskadeleggjere mindre grupper.

Stortinget fortsetter debatten om forsvaret: Ingen enighet om Forsvarets langtidsplan innen fristen

Heimevernet vart grunnlagt på erfaringar frå Milorg og Kompani Linge.

Frå Kompani Linge adopterte Heimevernet kampånd og metode. Gjennom skiftande kår i Det norske forsvaret har Heimevernet vakse inn i bygd og by og gitt eit nærvær, vorte ei lokal kraft i krig og fred. Heimevernet er ein del av malmen i Forsvaret. Stortinget må ikkje skusle med den nokon stad i landet, og kanskje aller minst i dag.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.