Alle menneske kjem til verda gudlause. Menneska vert også fødd med ein aversjon og redsel for det ukjende, og er difor sårbare med omsyn til overtru. For å forklare det uforklarlege, fantaserte ein seg fram til eit univers fylt av vonde og gode krefter. Det ein vil møte etter døden er forma av levemåten her på jorda som mal.

Fantasiar om vonde vetter og vonde uforståelege gudar opna spelerom for folk i rolla som gudeverda sine representantar overfor den godtruande og redselslagne gemeine hop, slik som prestar, sjamanar, trollmenn, profetar og slikt slag. Det vert sagt at det fyrste yrket var prostitusjon, i så fall kom religiøse demagogar og sjarlatanar sekundet etter.

Deira viktigaste reiskap er å spreie redsel. I dag finst det meir enn 4000 gudar med sin skare av truande. Gudane er alle som ein fantasibilete med tilhald i skolten. «Guden» er eit produkt av trua der ein er fødd, eiga erfaring og indoktrinering. I dag soknar 32 % til ei eller anna grein av Kristendommen og 23 % til Islam.

I år 2060 vil det vere fleire muslimar enn kristne. Den einskilde si gudstru er likevel like unik som fingeravtrykket, og kan ikkje provast. Det avlar uvisse som berre kan kompenserast ved at ein finn den same trua hjå sine medmenneske. Den som ikkje har den same trua, må om nødvendig tvingast i kne. Abrahams religionar har ei ekstra svart historie. I DNK sitt trus grunnlag finn ein fram til i dag at «gjendøpere» gjeng fortapt (til helvete).

Jesus er eit historisk menneske og tilhøyrar oss alle. Det evangelistar og demagogiske forkynnarar legg i hans munn manglar truverd. Men vi veit kva han ikkje sa eller gjorde.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Jesus forkynte ikkje kristendom, han var jøde. Han tigga ikkje pengar, han heldt ikkje vekkingsmøte eller promoterte sirkusforestillingar der falsk helbredingar og trolldom stod i sentrum. Då han fekk to fiskar og fem brød delte han omgåande heile gåva med dei som trong mat meir enn han sjølv.

Elias Vågnes, Langevåg

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.