Det er ikkje mykje hjelp i å bli styrt av eit parti som marknadsfører seg som «Fremskrittspartiet», når samfunnsutviklinga på mange område blir styrt bakover.

Postverket har vore ein viktig samfunnsaktør sidan 1600-talet, og levert tenester til bygd og by over heile landet heilt fram til no på 2000-talet.

«Staten har gitt oppdraget med lørdagslevering til en ny aktør, og dessverre er det slik at denne aktøren ikke leverer til din adresse. - - - Avisa di vil derfor bli levert på mandag.»

For min del galdt det regionavisene (Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav).

Trur verkeleg statsråden i samferdselsdepartementet eller regjeringssjefen at dette er ei tilfredsstillande løysing? Var ikkje slagordet «nye ideer og bedre løsninger»?

Eivind HasleSurnadal