Hareid fastlandssamband

Hafast – vegen til suksess

Å bygge Hafast er langt meir enn å bygge ei bru til å køyre over. Ved å bygge Hafast bygger ein bru mellom næringsliv og NTNU. Det er vegen til suksess.

BIND SAMAN Dette er ein muleg måte å bygge saman næringssenter og høgskulesenter på Sunnmøre. 

Hafast er vegen til meir kunnskap, for å gjere næringslivet meir effektivt og bygge eit internasjonalt næringsliv

REDER Stig Remøy.  Foto: Knut Arne Aarset

Leserinnlegg

Når vi skal utvikle næringsliv og internasjonale selskap, ser vi at tilgang på kunnskap er avgjerande. Eiksundsambandet bygde saman ein større arbeidsmarknad, og vi har no folk frå Ørsta-Volda-området som arbeider både hos oss og mange andre bedrifter på ytre, søre Sunnmøre.

Med Hafast vil vi få opna ein endå større arbeidsregion. Dette vil vere med på å heve kompetansen i selskapa i industrien på ytre, søre Sunnmøre.

I tillegg vil Hafast heve kompetansen ved NTNU i Ålesund gjennom å gi nærleik til industrien. Vi ser frå Silicon Valley og andre store IT-klynger som Bangalore i India at suksessformelen er å få til eit pulserande samspel mellom næringssenter og utdanningssenter.

Hafast vil bli eit bindeledd som gagnar næringslivet på ytre, søre, men om Ålesund skal utvikle seg som utdanningsby, så er Hafast sentralt også for dei.

I dette samspelet mellom næringssenter og utdanningssenter vil ein også skape fornying. Vi opplever konjunktursvingingar og systemskifte, og både dei maritime og dei marine næringane treng fornying.

I det er Hafast ein stor del av løysinga. Hafast vil påverke evna vår til å løyse utfordringane vi har. Vi treng meir kompetanse. Vi treng smartare, grønare og sikrare løysingar. Og Hafast vil, ved å binde saman fleire kloke hovud, vere eit middel for å oppnå dette.

Ser vi på Hafast saman med Møreaksen vil også kunne utvide arbeids- og kompetanseregionen endå meir. I tillegg vert det etablert ein effektiv transportakse gjennom ein heilt spesiell region for vekst og verdiskaping.

Alle utgreiingar for ferjefri E39 har vist til at dette vil vere ei av dei mest lønsame strekningane og Møreaksen og Hafast vil årleg gi fire milliardar kroner meir i ny verdiskaping.

Bu- og arbeidsregionen som Hafast bygger vil også gjere det enklare å få kvinner til å busette seg på Sunnmøre og spesielt på ytre, søre Sunnmøre.

Vi får ikkje eit moderne samfunn utan den moderne kvinna. Hafast er også difor sentralt for å få til eit pulserande liv på Sunnmøre.

Vi treng no politikarar som vågar å tenke stort. Det er slått fast at det er teknologisk muleg å bygge fast samband over Sulafjorden. Det som no trengst, er å sikre at pengar til planlegging er med i statsbudsjettet i tillegg til at Hafast må vere med i Nasjonal Transportplan som skal leggast fram for Stortinget til våren.

Hafast er vegen til meir kunnskap, for å gjere næringslivet meir effektivt og bygge eit internasjonalt næringsliv.