Den Dominikanske Republikk har gått saman med bibelselskapa i Norge om at kvar skuleelev skal få ha ein bibel i skulesekken. Styresmaktene har innsett at eit godt samfunn berre kan byggast på verdiar – derfor er tekstar frå Bibelen ein del av skulepensumet.

Det er lovfesta at det skal lesast frå Bibelen kvar dag når flagget blir heist, og det skjer på alle skular landet over.

Liknande ynskje møter dei som arbeider med sosial hjelp til Russland og andre austblokkland. Her ber fengselsdirektørane om at dei må kome inn på fengsla med biblar og halde andakt for fangane.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ordførarane ynskjer dei velkomne til skular og sjukehus med biblar og at dei skal vitne for elevane og pasientane. Kvar har skjedd i desse landa? Jau, i 1917 vart ein kommunistisk revolusjon gjennomført. Hermed vart det også forbode å halde gudstenester og arbeide for at folket skulle få Guds ord. Kulturfundamentet skulle no vere ateisme og totalitære regimer bygd på kommunisme. I 1990 vart to av mine nærmaste tekne med på ei rundreise i Moskva.

Då kunne guiden proklamere: «Vi har vært styrt av djevelen i 70 år.»

Når no mange i Russland ber om eit nytt kulturinnhald for folk og samfunn er det nok fordi dei oppleve at samfunnsfundamentet smuldrar opp. Tryggleiken er borte og framtidsdagen synest usikker. Dei ber om noko trygt å bygge heim og samfunn på.

Så går tanken til vesle Norge. I generasjonar vart vårt samfunn tufta på kristen tru og moral. Vår grunnlov frå 1814 var (med få unntak) forma ut med ånd og substans frå Bibelen. Dette vart eit bolverk som kunne stå seg mot dei mange brotsjøane som gjennom generasjonane braut inn over samfunnsskuta. Vi fekk gjennom opplæring vite kva som var sant og gale, kva som bygde opp og kva som reiv ned, både livet og samfunnet.

Men det skulle kome ei ny tid. Kristendomsopplæringa skulle ut av skulen. Kvifor? Jau, det hadde no teke til å kome inn i landet folk med andre religionar og kulturar. Av omsyn til desse så kunne ikkje kristendomsopplæringa behaldast. Det «fleirkulturelle samfunn» måtte få forkøyrsretten. Er det då rett at 4 % av folket skal diktere resten? Er det ikkje dette som vi må kalle «mindretalets diktatur»?

Les flere innlegg på smp.no!

La det då stå fast at foreldreretten skal respekterast. Dei som ikkje vil la sine barn få kjennskap til, og opplæring i, kristen tru skal sleppe det. Men det har då vore praktisert i tiår her i landet! Kvifor skal vi då bli straffa med denne «kulturrevolusjonen»?

Så skjer det at når ein lærar ber fadervår for klassa si ein dag, så blir han innrapportert til einingsleiaren. Kor langt er vi komne i avkristninga?

Kanskje også det norske folk ein dag vil få oppleve at samfunnsfundamentet slår sprekkar? Kan det vere klokt å lære av det andre nasjonar har opplevd gjennom andre ismer og kulturar?

Eller skal det måtte erkjennast: «Folket mitt går til grunne fordi det ikkje har kunnskap.» (Hos. 4,6) Egypt fekk ein gong denne attesten: «Grunnpilarane i landet er knuste.» (Es. 19,10) Må folket vårt vakne opp og stå imot denne utviklinga.

Kjell FurnesValderøy

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.