Heilt frå Sørlandet og opp til Romsdalsfjorden hadde dei same måte å byggje på. Ved Romsdalsfjorden går det eit markant skifte mot trøndersk byggjemåte for sjøhus og båtar. Dette skifte kan ein òg sjå på eldre våningshus.

Dei som er interessert i byggeskikk ser dette tydeleg når ein tek ferja frå Vestnes til Molde og køyrer gjennom Romsdalen. Husa er lange og smale samanlikna med husa lengre sør. Dei minner om trønderlån som er byggjeskikk både frå Nordmøre og Trøndelag.

Les flere innlegg på smp.no!

Desse gamle byggjemåtane syner den historiske, kulturelle og samfunnsmessige samanhengen mellom Sunnmøre og resten av Vestlandet. Eg er sjølv næraste nabo til Kapteinsgarden på Engeset i Volda. Den vart bygd i 1850 av Bergenhus Amt Regimet til bruk for kapteinane sine. Seinare vart huset bygd om til skule og er i dag Gamlegymnaset i Volda.

For sunnmøringar er òg kommunikasjonen mykje betre sørover enn nordover. Ålesundsområdet med kommunane i nord og kommunane på Søre Sunnmøre, vert eit godt tilskot til resten av Vestlandet saman med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sunnmøre og Sogn og Fjordane har til saman 200.000-250.000 innbyggjarar. Det vert ei fin jamvekt med Sunnmøre i nord, Hordaland i sør og Sogn og Fjordane i midten.

Det ser ikkje ut til at Rogland vert med i Vestlandsregionen. Difor kan dette vere rette tida for fylkespolitikarane frå Sunnmøre å kontakte kollegaene sine lenger sør. Vend blikket sørover og lat sunnmøringane kome tilbake til sine.

Svein A. ArnesenBergensar i frivillig eksil i Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.