Aud Farstad er forfatter av innlegget.

For nokre dagar sidan heldt eg føredrag i Hustad kyrkje ved den frykta Hustavika. Eg kom gjennom nattemørket og regnet til ei strålande opplyst og pynta kyrkje. Innanfor den store, høgtidelege kyrkjedøra var det lys, i kyrkjerommet var det lysdekorasjonar og ei julekrybbe, og der var bord med julekaker, kaffi, te og saft.

Alt gjort på dugnad av folk som var glade i den over 140 år gamle kyrkja si. Eg møtte venlege, interesserte menneske som kunne kulturen sin og kjende historia si.

Les flere innlegg på smp.no!

Det var ei stor oppleving å vere der i det fredelege kyrkjerommet med desse menneska som hadde gått saman om å gjere noko for lokalsamfunnet sitt i adventstida.

No framfor jula har vi igjen nyhendeoppslag og protestar mot skulegudstenester og folk som vil ha bort ordet «jul» frå songar. Dette siste må forresten vere høgdepunktet av vankunne sidan ordet «jul» er førkristent, så dersom det er den kristne jula dei vil til livs så er det fullstendig skivebom.

Ofte seier folk at før kristendomen så feira forfedrane våre jul på anna vis, og at kristendomen tok feiringa og gav ho nytt innhald. Dei kristne røva jula, liksom. Og ja, det er rett på mange måtar, men vi veit ikkje lenger kva det var forfedrane våre feira, og kva for innhald seremoniane hadde. Skal vi tilbe sola i staden? Eller skal vi gjenopplive guden Frøy?

Det er noko svært puritansk(!) i denne motstanden mot det kristne innhaldet i jula. Det minner meg om dei russiske kommunistane som meinte at religion var opium for folket (noko det ofte er) og ville rydde det ut. I beste meining, får vi tru. Dei skulle skape eit nytt menneske. Ein religiøs tanke i seg sjølv, spør du meg.

Det kan elles vere greitt å minne seg sjølv på at dei største brotsverka mot menneskeslekta vart utførte av folk som slett ikkje trudde på Gud. Eg kan ikkje forstå kva som skal vere så ille med å feire jul med det gamle bodskapet om von og nåde og fred på jord. Eg veit i alle fall at eg langt heller vil vere i stilla i ei kyrkje enn på Moa mellom uttjasa folk og utkledde nissar.

Aud FarstadÅlesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.