Innlegg av Jenny Klinge (Sp). Foto: NTB scanpix

Frp framstår ein smule patetisk i saka om FM/DAB. Då Senterpartiet fekk opp ei sak i Stortinget for å utsetje stenginga av FM-nettet, delte Frp seg i to for å kunne tala med to tunger. Den eine tunga (partileiaren og regjeringsfolka til Frp) brukte lite volum og støtta stenginga av FM, medan den andre tunga (stortingsrepresentantane) var høglydt imot.

Les flere innlegg på smp.no!

Då Stortinget tidlegare bestemte at dette skulle skje i 2017, vart det fastsett vilkår. Senterpartiet og fleire andre, som IKT Norge, er tydelege på at vilkåra ikkje enno er oppfylte. DAB-dekninga er for dårleg. Det får vi mange tilbakemeldingar om, både der folk bur og der dei ferdast. Den meirverdien som DAB skulle gi for radiolyttarane er ikkje til stades førebels. Over 70 % av bilparken har dessutan ikkje DAB-radio enno. Ein stor del av denne bilparken vil aldri få det heller, ser det ut for. Utanlandske bilistar, som nordiske turistar og yrkessjåførar, vil ikkje kunne lytte på radio via DAB. Fiskarlaget melder om for dårleg DAB-dekning til sjøs. I sum gir dette eit stort problemet for beredskapen. Vêrmeldingar, trafikkmeldingar og varsel om kritiske hendingar m.m. blir jo formidla via riksdekkjande radio.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Jenny KlingeStortingsrepresentant, Senterpartiet

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.