Det er tydeleg at dei ikkje er redde for islam og andre religionar; det er vår eigen kristne kultur og tradisjon dei vil til livs. I år har dette utarta seg til det parodiske. I Molde høyrde vi om politikarar som forlèt bystyresalen då dei som siste innslag før jul skulle synge den vakre salmen «Deilig er jorden» I Stavanger skulle skuleborna berre få lov til å nynne den same salmen, og i andre tekstar som elevane skulle bruke vart ord som minte om kristentru fjerna. Jamvel nissane vart kasta på dør.

Les flere innlegg på smp.no!

Ein representant frå humanetisk forbund vart intervjua om dette i etterkant. Han meinte at det ikkje var bra det som hadde skjedd. «Nissane var jo frå førkristen tid», sa han. Så dei måtte få vere med. Det var Jesus som måtte bort.

Kor historielaus går det an å bli? Tusen år med kristen tru og kultur vil ein no forsøke å radere bort. Og lat det vere klart ein gong for alle: Det er ikkje muslimane som står bak dette. Då må vi heller ikkje gi dei skulda!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Solberg held fast på også det ho sa i Stortinget: «Vi blir mer tolerante og mer og mer åpne ved å være trygge i våre egne verdier og vår egen historie. Norge er et land som historisk sett har vært et kristent land, og julefeiringen har i tusen år først og fremst vært feiret som kristen høytid.»

Ha ei velsigna, god jul!

Øyvind ÅrdalFylkesleiar i Partiet Dei Kristne, M & R

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.