Primo august 1982 vart eg transportert i basket frå helikopterdekket til Ninian Central og 80 meter ned til dekket på «Tender Commander». Slik entra eg supply-eventyret på Ytre Søre frå fyrste dag. Per Sævik og «Northern Commander» er namna på plogane som gjekk føre og brøyta veg.

Sævik Supply såg dagens lys i motbakke. Nybygget «Northern Clipper» vart levert nett som botnen fall ut av marknaden. Oslo-meklarane hadde førespegla Per Sævik ei dagsrate på over 40.000 kroner, men ein vart tvinga til å akseptere kroner 12.000 for å få båten i sving. Heilt fram til 1988 jobba båten kvar einaste dag, men gjelda berre vaks og vaks.

I 1989 selde det nye reiarlaget «Northern Clipper» og raka inn ei forteneste på 20 millionar kroner. Alle eigarane som var med frå A til Å, berga investeringane sine.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Den 13. desember 2016 lukkast det Per Sævik etter lange, harde og slitsame forhandlingar å berge Havila Shipping frå konkurs. Økonomisk kunne det vere like bra for Per Sævik å la reiarlaget gå til skiftretten, men for Fosnavåg og Sunnmøre var det ein stor siger. Havila Shipping-avtalen inneber lokal administrasjon og råderett. Avtalen som er kriga fram kan verte ein mal for løysing også for andre reiarlag som set i klisteret. Utan båtar døyr kyst-Norge og utan maritim ekspertise døyr båtane.

Eg opplevde å stå sentralt i ei dramatisk hending som nesten kosta oss alle livet. Alle ansvarlege hadde brote «fjellvettreglane», men det var eg som brått stod naken i ein snøstorm i fjellheimen. Ut frå dei korta eg hadde på handa, så gjorde eg vel den beste jobben eg nokon gong stod for til sjøs, men kunne ikkje avverje store økonomiske tap. Av reiaren vart eg ikkje takka for at besetninga var i god behald, men gitt ei slags tilgjeving for verdiane som gjekk tapt.

Her finner du oversikt over de lokale Havila-aksjonærene ved årsskiftet

Oppdatert: Her hele aksjonærlista ajourført ved utgangen av november

På siste generalforsamling var Per Sævik i same stoda. Han hadde på dyktig vis forhandla fram den viktigaste avtalen på år og dag, men sat likevel tynga av skuldkjensle for nettopp si rolle i brotet på «fjellvettreglane».

Men Per Sævik er ikkje aleine om ansvaret. Bankar, finansielle rådgjevarar, skipsbyggarar, grådige investorar og oljeselskapa har minst like stor skuld som handlekraftige reiarar med fri tilgang til pengebingen.

Den ekstraordinære generalforsamlinga var hekta på tapte papirpengar og klappa ikkje for styreformannen.

Synd og skam!

Vel blåst, Per!

Elias Vågnes

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.