Bakgrunnen for dette er vedtaket i kommunestyret om å halde fram som eigen kommune.

At Bjørn Sandnes ikkje er einig med fleirtalet i kommunestyret i denne saka er ikkje noko nytt, men Høgre sine argument om større kommunar har ikkje fått støtte i folket i kommunen, og det har kommunestyret lytta til.

Å påstå at kommunestyret berre har lagt vekt på folkerøystinga er feil, kommunestyret har tatt standpunkt i denne saka etter ei omfattande saksutgreiing, fleire folkemøte og medlemsmøte i dei enkelte partia. Ordføraren har vore imøtekomande ovanfor mindretalet og opna for nye forhandlingar med «nye Ålesund», spørsmålet om å ta saka opp att har og gjennom ein interpellasjon vore drøfta i kommunestyret, men fleirtalet avviste dette.

Då alle kommunane i landet i 2014 fekk oppdrag frå Regjeringa og Stortinget om å starte prosessen med å avklare om det var aktuelt å slå seg saman med nabokommunar, var haldninga i Haram at det var viktig å gå breitt ut og snakke med mange.

Bjørn Sandnes tok som ordførar ansvar og starta eit viktig arbeid for å sjå om det var mogleg, stemninga for dette var lenge positiv men i innspurten viste det seg at dette ikkje var godt nok forankra i folket. I staden for å kritisere folket som ikkje veit sitt eige beste, burde dei som ønskjer denne reforma lytte til lokaldemokratiet sine innvendingar og vise til kva tenester som blir betre med større kommunar. Trusselen om at alt blir verre om vi ikkje slår oss saman kan på sikt vere sann, men det er ikkje truslar som motiverer til endring.

I forhandlingane om intensjonsavtalar har ordføraren arbeidd for å legge føringar for Hamnsundsambandet fordi dette er eit samband som vil vere avgjerande for å utvikle samhandlinga mellom Ålesund og Haram.

Dette vart dårleg mottatt og vart kritisert også av Høgre sin representant i Haram sitt forhandlingsutval. Dersom «nye Ålesund» har endra standpunkt om dette, bør dei opplyse Haram kommunestyre om dette. I intensjonsavtalen som vart forhandla fram er Storfjordsambandet mellom Skodje og Sykkylven likestilt med Hamnsundsambandet, dette er vanskeleg å forstå.

Haram har ikkje planar om å isolere seg frå omverda, heller ikkje frå Ålesund. Byen Ålesund og «nye Ålesund» er tvert imot avgjerande for at Haram og regionen skal kunne utvikle seg og vere attraktive i framtida. Det treng ikkje vere motsetnader mellom dette, men eg er einig i at signala frå «nye Ålesund» om å nullstille alle samarbeid kan virke skremmande. Samtidig er det heilt naturleg at dette skjer når fleire kommunar går saman, avtalane i alle samarbeid må då endrast, dette betyr ikkje at det blir slutt på samarbeid. Prosessane og forhandlingane om kommunesamanslåing har vore gode, dei har ført til større forståing og skapt gode relasjonar mellom leiande politikarar i alle kommunar på heile sunnmøre.

Mitt håp er at dette i framtida vil føre til at vi alle blir mindre isolerte og sjølvopptatte og at det kan gje grunnlag for meir samarbeid, om det med tida også kan føre til at fleire kommunar vel å gå saman ser ikkje eg på det som negativt.

Eg håper og trur «nye Ålesund» er bevisst rolla si som regionsenter, målet om å bli det urbane sentrum mellom Trondheim og Bergen har full støtte frå Haram, for å få til dette må alle krefter spele på lag. Dersom «nye Ålesund» vel ei «proteksjonistisk» linje overfor nabokommunane, kan vi alle risikere å tape.

Når det gjeld medlemskapen i Maritimt Forum Nordvest, må eg minne om at budsjettet for 2017 vart vedteke av eit samrøysta kommunestyre, også Høgre sine stemmer. Eg er einig i at dette er eit dårleg signal og tek gjerne eit initiativ i formannskapet for å forlenge dette.

Fylkesmannen si rolle og tilråding om framtidig kommunestruktur i Møre og Romsdal er for meg uforståeleg. Fylkesmannen meiner Haram som den einaste kommunen i fylket bør tvangsamanslåast, fordi kommunen vil hindre utvikling av den «nye» kommunen. At Sandøy kommune sitt vedtak om å gå saman med «nye Ålesund» skal brukast som ei brekkstong for å tvinge Haram er meiningslaust.

Dersom Høgre/Frp i lag med støttepartia Venstre og KrF går inn for dette i Stortinget, set dei lokaldemokratiet til sides og brukar makt for å gjennomføre ei reform som ikkje har tilslutning i folket. Stortinget kan sjølvsagt gjere dette, sentralstyring er ikkje uvanleg, men historia viser at det ofte gir dårleg resultat.

Med venleg helsing Vebjørn Krogsæter

Ordførar Haram, Sp