Nyleg publiserte NRK og Aftenposten kvar sine artiklar på sine nettsider der Arbeidarpartiet uttalar at dei vil skilje kommunar som i pågåande kommunereform blir demokratisk slått saman. Det er ikkje noka nyheit at Ap slit med å finne på ny politikk og kompenserer for det med å ville reversere Regjeringa og Høgre sin politikk, men det må da vere grenser.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Leiinga i Arbeidarpartiet har vore passive ovanfor sine medlemmar og sagt nei til reforma. Samtidig har deira eigne ordførarar rundt om i landet gått i bresjen for kommunereforma og kritisert leiinga for manglande støtte i ein krevjande prosess.

I denne saka burde eigentleg Arbeidarpartiet støtta regjeringspartia, KrF og Venstre, men «den gang ei». I god Ap-ånd har dei sett seg på bakbeina og går til val på å leike skilsmisseadvokat for kommunar som blir slått i saman med «tvang».

Det Arbeidarpartiet refererer til som «tvang» er eigentleg det norske demokratiet. Det einaste som kan tvinge fram ei kommunesamanslåing er eit stortingsvedtak, og sidan dei som sitt på Stortinget er valt av folket, er det representantar av folket som bestemmer om kommunar skal slåast saman eller ikkje.

Tenk litt på det. Om du har fire små kommunar, der det blir jobba i alle fire kommunane for samanslåing og det blir vedtatt i alle fire kommunane å ha folkerøysting. Folkerøystinga resulterer i tre av fire kommunar i at folket ser fordelane med samanslåinga og seier ja. Men i kommune nummer fire som ligg midt i mellom dei tre andre seier folket «nei, vi klarar os sjølve» skal då denne eine kommunen få øydeleggje for ein større og betre regionkommune?

Les flere innlegg på smp.no!

I Høgre meiner vi det er feil. Etter å ha samanlikna Sundvollenærkleringa med Arbeidarpartiet sitt valprogram og funne at formuleringane om kommunestruktur har akkurat det same innhaldet, går eg ut ifrå at Ap og meiner at dette er feil. Det einaste Ap eigentleg er i mot er at om nokon kommunar vel å stå aleine skal ikkje dei bli straffa økonomisk.

Så kva no Ap? Det er val i år. Veljarane fortener å vite kva politikken til det største opposisjonspartiet er. Det einaste Ap har bevist til no er at dei er i mot det Høgre er for, trass i at det står i deira eige program.

Peter Bjørneset Leiar i Søre Sunnmøre Unge Høgre

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.