Leserinnlegg 10. februar

«Sandøy – Sunnmøres Kaliningrad?»

Eksklave? Blir Harøya i Sandøy ein del av ein ålesundsk eksklave som presser fram tvangssamanslåing av Haram med den nye storkommunen? 

Brått så var ikkje stemmene til dei som stemte i Haram kommune, verd like mykje som før folkerøystinga

Siv Katrin Ulla
Leserinnlegg

Heile ideen om at kommunar som ikkje har kommunegrenser til kvarandre skal kunne velje å slå seg saman er ganske spesiell. Det vert arbeidd hardt i kulissane for å få Haram tvangssamanslått med nye Ålesund. Sandøy kommune har fatta vedtak om å slå seg i lag med nye Ålesund kommune og ligg som eit Sunnmøres Kaliningrad og presser på. Vi står i vegen og hindrar samfunnsutvikling og framgang. Sula og Giske klarer visst å stå for dette sjølve og det er eg veldig glad for på deira vegne.


Svar på lesarinnlegg frå Bjørn Sandnes:

«Sjølvopptatte Haram» og Nye Ålesund

Politikarane må lytte til lokaldemokratiet sine innvendingar mot kommunereforma.

I arbeidet med kommunereforma skulle vi høyre folket før ein skulle fatte vedtak. Det har ein gjort på ulike vis. I Noreg har vi tradisjon for å lytte til folket når dei først gir råd. Dette tek nokre av oss på alvor.

Når resultatet ikkje vart slik som enkelte ønskte, tok saka ei ny vending. «Ei folkerøysting er ikkje bindande,» og det var «lav valdeltaking.» Nokre har hevda at «folket ikkje veit sitt eige beste». Vi «evner ikkje tenke stort, nytt, sjå den store samanhengen.» Arrogansen kan til tider vere stor, men det er ikkje det dette handlar om no.

Les flere saker om kommunereformen.

Det handlar om at brått så var ikkje stemmene til dei som stemte i Haram kommune, verd like mykje som før folkerøystinga. Som td ved kommunevalet, då telte alle likt. Det handlar om å lefle med lokaldemokratiet. Det handlar om å faktisk lytte til folket når ein ber om råd, og ikkje bygge opp under politikarforakt. Om skinndemokrati og seie frå om kva ein meiner om dette.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Politikarar må vise «leiarskap» sjølv om det er upopulært, vert vi oppmoda om. Vi i Haram ønskjer ikkje tvang, vi ønskjer å stå åleine. Vi har tatt eit val. Sidan det og er ganske upopulært hos enkelte så kan vi vel vere einige om at vi viser nettopp leiarskap.

I Haram kommune sitt tilfelle var det 2727 personar som røysta, av 7257 røysteføre. 511 personar ville inn i ei storkommune, 791 ville stå åleine. 1413 ville slå seg i lag med Sandøy. Sandøy hadde ikkje folkerøysting, men ei innbyggjarundersøking. Av 891 spurde svarte 357 personar. 139 personar i Sandøy ville gå inn i ei storkommune med Ålesund.


SYNSPUNKT:

«Isolerte og sjølvopptatte Haram sit på sida av Nye Ålesund»

I over eit år har eg no frå sidelinja følgt med på korleis Haram kommune har tilnærma seg kommunereforma, eller rettare sagt meldt seg ut av denne diskusjonen.

Det vi opplever i denne situasjonen set demokratiet vårt på prøve. Skulle Haram no bli tvangssamanslått så blir faktisk røystene i vår kommune mindre verdt enn røystene i nabokommunen.

Dei 2216 personstemmene som ikkje ville gå inn i ei storkommune med Ålesund blir faktisk redusert til å vere verdt mindre enn 139 personar sine stemmer i Sandøy. Skal verkeleg 139 personar i ytre Romsdal bestemme framtida for den største industrikommunen på Sunnmøre?

Skal Sandøy sitt vedtak vere greit å bruke som argument for tvangssamanslåing, men ikkje Haram sitt vedtak til å stå aleine? For eit rot. Livet i politikken er aldri kjedeleg men det kan vere bra fortvilande av og til. Nok ein grunn til at vi treng regjeringsskifte forresten.

Helsing ein av dei 2216 personane i Haram som no brått har fått redusert verdien av stemmene sine fordi vi stemte feil.

Siv Katrin Ulla
Leiar Haram Ap

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.