Privat Landbruksminister Jon Georg Dale er skeptisk til at staten skal styre eigarskifta.

Tidlegpensjonsordninga i jordbruket må styrkast, ikkje svekkast, skriv Tora Voll Dombu i Sunnmørsposten 9. februar.

Ho ynskjer å styrke rekrutteringa.

Det er eg heilt samd i. Men eg meiner det er lite målretta å gjere det ved at staten sender 80 millionar kroner ut av næringa årleg for å påverke når den formelle gardsoverdraginga skal skje.

I staden bør desse pengane brukast til investeringar for framtida fordi kapitalbehovet har vorte stort for dei som vil satse som bonde.

Mange bruk er ikkje store nok til at det gjev arbeid og inntekt til fleire personar.

Da må den yngre generasjonen anten ha eit anna yrke til den eldre generasjonen går av, elles så må den yngre generasjonen sleppe til tidleg. Og då må den eldre generasjonen gå av i god tid før tidlegpensjonsalder på 62 år, og ha anna arbeid resten av yrkeslivet.

Korleis det best blir ordna på det einskilde bruk bør ikkje staten leggje seg opp i.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Slik ordninga er i dag kan den like gjerne bidra til at overdraginga vert utsett til den eldre generasjonen vert gamal nok til å kunne få tidlegpensjonen som er på jordbruksavtala.

Mange unge opplever at kapitalbehovet er tyngande.

Då trur eg vi på ein betre måte legg til rette for unge bønder, slik både Voll Dombu og eg er opptekne av.

Jon Georg DaleLandbruksminister

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.