• La Haram kommune leve!

• Nei til tvangssamanslåing!

• Respekter lokaldemokratiet!

La Haram leve, seier vi, fordi vi etter over 50 års kamp for vår identitet, ser at denne fantastiske kommunen med denne trygge nærleiken og tilliten til kvarandre kan svinne bort for auga våre. H, FrP og V vil byggje eit luftslott fordi dette landet og kommunen vår ikkje er bra nok trass i at vi er på verdstoppen i nesten alt.

Gjennom ein lang prosess i frivilligheita sitt lokkande lys, frie forhandlingar, opne intensjonsavtalar i tre himmelretningar, innovervendt grubling og innsamlande kunnskapsbasert refleksjon, brei folkeavstemming og spissa vedtak i kommunestyret har vi kjempa for desse tre parolane og vunne siger.

Trudde vi.

Likevel kjem Fylkesmannen ut frå sitt kontor og nokre andre ut frå eit lukka rom nedi Oslo og fortel oss noko anna. Haram er inneklemt! Nei, vi er beklemt og ukomfortable og klaustrofobisk av tvang!

Haram tilbake i Nye Ålesund: – Noen betrakter meg som en judas fordi vi møter her i dag

Vanlege folk på grasrota vår roper ut til eliten nede i Oslo at NEI dette er ikkje vegen å gå. Folket vil ha ein «Brexit» lenge før vi har hatt ein «Brexin». Aksjonen har fått rundt 1.000 underskrifter på to døgn.

Eg kjenner ikkje til landkommunar rundt ein einaste by i Noreg der det er lagt opp til å bruke tvang som her for å lage ein mastodont av ei kommune med ei kjøtvekt som vil rive fylket i fillebitar. Dette er det umogleg for Molde og Kristiansund å leve med.

Vi treng ei ny regjering.

Men vi treng ikkje eit nytt Haram. Det vil ikkje folket her ha noko av og har trykt på sunt bondevit-knappen.

Kjære deg som er redd for tvangssamanslåing av Haram med 9.312 innbyggarar; slaget er ikkje over. Det har så vidt begynt.

Arnt Ove Tenfjord Eidsvik

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.