Bjørn Jacobsen, SV. Foto: Staale Wattø

Endelig slapp dei blå blå i Regjeringa katta ut av sekken.

Dei vil ha Møreaksen

. Ingenting er betre enn at de slepp nyheita i starten av ein valkamp. Då kan vi starte eit seriøst politisk arbeid mot det dårlegaste prosjektet som nokon gong har vore lagt fram i Møre og Romsdal.

Veljarane kan dømme i valet til hausten. Det som undrar meg mest er at Høgre kan ha ein slik lemfeldig bruk av pengar. Pengane finns ikkje i noko statsbudsjett og ein har valt den klart dyraste løysinga for kryssing av Romsdalsfjorden. Er det sløseri å ikkje bruke nybygde Tresfjordbrua? Kva skal vi med to vegar over Ørskogfjellet? Kvifor vil dei blå blå legge opptil 3 milliardar i bompengar på folk i Molde? Pengar som Frp ikkje har i noko statsbudsjett, men som skal takast rett frå lomma til folk.

Å få Nordmøre med på fylkeslaget er viktig. Alle skjønar at Romsdalsaksen bind i hop fylket vårt med effektiv kommunikasjon for gods og personar på ein mykje betre måte. Det er for meg fullstendig uforståeleg at Høgre og Frp, som brukar å treffe på effektivitet, skal ha trafikken ut i øyane. Det er ikkje ein kyststamveg som skal byggas.

Sunnmørsposten mener: «Fattigmanns trøst for fylkesvegene»

Koplinga mellom Nordmøre og Romsdal ferjefritt til Eksportvegen frå Sunnmøre opp Romsdalen er logisk. Arbeidet med vegane gjennom Tingvoll og opp Romsdalen fell naturleg inn i dette mønsteret.

Ei bru i Romsdal, som bind i hop Geiranger på Sunnmøre med Atlanterhavsvegen på Nordmøre er som musikk i øyrene til ein kvar reiselivsarbeidar.

Bjørn Jacobsen Molde SV

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.