Innlegg om fjordkryssing:

«Leve Romsdalsaksen!»

Romsdalsaksen Ei bru i Romsdal, som bind i hop Geiranger på Sunnmøre med Atlanterhavsvegen på Nordmøre er som musikk i øyrene til ein kvar reiselivsarbeidar, meiner Bjørn Jacobsen. 

Leserinnlegg

Bjørn Jacobsen, SV.  Foto: Staale Wattø

Endelig slapp dei blå blå i Regjeringa katta ut av sekken. Dei vil ha Møreaksen. Ingenting er betre enn at de slepp nyheita i starten av ein valkamp. Då kan vi starte eit seriøst politisk arbeid mot det dårlegaste prosjektet som nokon gong har vore lagt fram i Møre og Romsdal.

Veljarane kan dømme i valet til hausten. Det som undrar meg mest er at Høgre kan ha ein slik lemfeldig bruk av pengar. Pengane finns ikkje i noko statsbudsjett og ein har valt den klart dyraste løysinga for kryssing av Romsdalsfjorden. Er det sløseri å ikkje bruke nybygde Tresfjordbrua? Kva skal vi med to vegar over Ørskogfjellet? Kvifor vil dei blå blå legge opptil 3 milliardar i bompengar på folk i Molde? Pengar som Frp ikkje har i noko statsbudsjett, men som skal takast rett frå lomma til folk.


Prisen du må betale for å reise i bil mellom Ålesund–Molde kan bli 500 kr

Bompengeandelen kan bli 8 milliarder

Ikke engang halvparten av pengene som trengs for at du kan kjøre ferjefritt fra Ålesund til Molde ligger inne i NTP 2018–2029.

Tunellane i Ålesund reiv ned Sunnmørsbanken, og stod med om lag 1,3 milliardar i gjeld då dei ikkje fikk krevje inn fleire bompengar. KLP – dei kommunalt tilsette si pensjonskasse, måtte skrive av store tap. La oss ikkje gå på ei slik blemme igjen. Fleire har i det siste halde fram at Møreaksen må bli billigare og betre. Alt det eg har sett av betringspunktar har eitt svar: Romsdalsaksen.

Å få Nordmøre med på fylkeslaget er viktig. Alle skjønar at Romsdalsaksen bind i hop fylket vårt med effektiv kommunikasjon for gods og personar på ein mykje betre måte. Det er for meg fullstendig uforståeleg at Høgre og Frp, som brukar å treffe på effektivitet, skal ha trafikken ut i øyane. Det er ikkje ein kyststamveg som skal byggas.

Sunnmørsposten mener: «Fattigmanns trøst for fylkesvegene»

Koplinga mellom Nordmøre og Romsdal ferjefritt til Eksportvegen frå Sunnmøre opp Romsdalen er logisk. Arbeidet med vegane gjennom Tingvoll og opp Romsdalen fell naturleg inn i dette mønsteret.

Ei bru i Romsdal, som bind i hop Geiranger på Sunnmøre med Atlanterhavsvegen på Nordmøre er som musikk i øyrene til ein kvar reiselivsarbeidar.

Bjørn Jacobsen
Molde SV

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.