Harald Tom Nesvik er i statsråd utnemnt til fylkesmann i Møre og Romsdal etter Lodve Solholm. Nok ein Fremskrittspartimann. Nok ein mann. Det er grunn til å sette eit alvorleg spørsmålsteikn ved denne utnemninga.

Eitt er at ho er politisk uklok. Det verkar ikkje som ei spesielt representativ ordning å la eit enkelt parti monopolisere eit viktig embete i same fylket på den måten.

Harald Tom Nesvik (Frp) ny fylkesmann: Gleder seg til å komme hjem

I tillegg kjem at Møre og Romsdal sidan 1671 har vore leia av 29 menn. Sidan 1919, då stillinga fekk namnet «fylkesmann» og ikkje amtmann, har det vore ni menn i stillinga. Aldri ei kvinne. No hadde ein sjansen.

May Helen Molvær Grimstad var òg kandidat. Grimstad har brei og lang røynsle både i politikken og i offentleg administrasjon.

Ho sat på Stortinget i 16 år frå 1993 til 2009 då ho ikkje tok attval. Medan ho sat på Stortinget var ho mellom anna med i Næringskomiteen, Den utvida utanrikskomiteen, Familie-, kultur og administrasjonskomiteen og i Samferdselskomiteen.

I to av komiteane var ho leiar. Ho var òg leiar for Kringkastingsrådet i tre år. Frå 2010 har ho vore kommunalsjef i Giske og rådmann i Sykkylven kommune.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Harald Tom Nesvik har òg brei røynsle frå Stortinget, men ikkje betre enn Grimstad, og han har inga administrativ røynsle. Likevel blir han altså fylkesmann.

Det er her verkeleg grunn til å spørje om gangsynet til dei 19 medlemmane i regjeringa i denne saka.

Spesielt til dei ni kvinnene. Har dei gløymt at dei med dei beste kvalifikasjonane skal få jobben – uavhengig av kjøn? Ein kan òg undre seg på kva for råd til dømes Høgre har fått frå partiet i fylket i denne saka.

Det burde òg vore eit demokratisk poeng til fordel for Grimstad sitt kandidatur at partibakgrunnen hennar er Kristeleg folkeparti i eit fylke der dette partiet står svært sterkt.

Det er vel kjent – og noko alle parti er samde om – at Møre og Romsdal har eit problem med å halde på kvinnene.

Ingen trur at ein fylkesmann til eller frå vil endre på det over natta. Men det hadde vore eit stort lyspunkt og eit framsteg om rett mann på rett plass kan vere ei kvinne – òg i Møre og Romsdal.

Aud FarstadÅlesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.