Ytring om turisme i Ålesund:

«Bane til Aksla kan bli stor attraksjon»

Bergen har Fløibanen, Ålesund kan få si bane til toppen av Aksla – i området ved Fjellstua.

På trappene Nye trapper til Fjellstua stod klar i fjor. Nå er tanken om heis også på trappene. 

Leserinnlegg

Ei bane vil vere meir enn ein turistattraksjon i seg sjølv, den vil få slutt på busstrafikken på den smale og kronglete vegen.

I Sunnmørsposten les vi at det er heva røyster for innvendige heiser. Tanken er god nok den, men alternativet bane frå byparken (eller Ustillingsplassen) til Aksla, vil vere ei meir fornuftig løysing.


Bystyret i Ålesund:

Positive til Fjellstue-heis

Heis til Fjellstua er en bra idé mener bystyret i Ålesund. Nå gjelder det bare å finne noen som vil betale.

Det er stendig fleire turistskip å sjå i hamneområdet. Der strøymer passasjerar i land i hopetal. Eg veit ikkje kor mange det kan vere snakk. I alle fall er pågangen stor for å nyte utsynet frå Fjellstua. Det er ikkje å ta for hardt i at med ei «Fløibane» vil flokken bli endå større. Tenk på det panoramaet – over jugendbyen, fjella og holmane – passasjerane på bana vil få med seg! Kanskje snakkar vi om ein av dei verkeleg store attraksjonane på Sunnmøre.

Utbygger på Utstillingsplassen: Vurderer innvendige heiser fra Utstillingsplassen til Fjellstua

Apropos utsyn og attraksjon: Det var ikkje for ingen ting at det under restaureringa av trappene til Fjellstua vart teke omsyn til nettopp utsynet. Flott og rett tenkt!

Vi får håpe at Ålesund ikkje vil bruke lang tid på å bestemme seg for ei transportløysing mellom byen og fjellet. Her trengst det kreativ handling! Det er freistande å minne om tidsfaktoren då gondolprosjektet i Loen vart jobba fram – både med omsyn til teknisk planløysing og økonomi.

Eit argument som kan bli kasta inn i debatten er omsyn til miljøet og inngrep i naturen.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Eit motargument vil vere å spare naturen for utviding av eksisterande «bussveg» på fjellplatået. Blir her først bygd ny veg, er det neppe snakk om eit klattverk av det eksisterande.

Helge G. Søvik
Pensjonert redaktør, Stranda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.