Bakgrunnen for dette vil vere kjent gjennom mange presseoppslag, og eg nemner her derfor berre det som var situasjonen den ettermiddagen mor kom til oss: Etter samlivsbrot hadde far med lova i hand teke to gutar ut frå skulen og ville ta dei med seg til Spania, der dei budde. Mor hadde det yngste barnet hjå seg, men var redd for at far skulle ta med seg også henne ut av landet. Ho kom då til kyrkja fordi ho meinte dette var den einaste staden ho kunne kjenne seg trygg for barnet sitt.

Sunnmørsposten meiner: «Problematisk bruk av kirkeasyl»

I Spjelkavik kyrkje valde vi då, sjølv om vi såg at det var to partar i denne saka, å sleppe henne inn i det vi sa tre ting til henne: 1) Kyrkjedøra er open, og du kan gå inn. 2) Du bestemmer sjølv når du skal gå ut att. 3) Vi vil behandle deg med omsorg og respekt den tida du er hjå oss. Den bodskapen og den strategien heldt soknerådet fast på heilt til asylet altså vart avslutta 14. juli, og det er for så vidt også det einaste vi har gjort i denne saka.

Vårt Land er elles meir nyansert i sin leiarartikkel 19. juli og problematiserer der mellom anna biskopen sine utsegner i saka.

Kyrkjeasylet i moderne tid oppstod på 90-talet då mange asylsøkjarar etter avslag oppsøkte kyrkjene for vern. Kyrkja si nyare tenking omkring dette har derfor vore prega av fokus på innvandrings- og flyktningproblematikken. Men i «En betenkning om kirkeasyl» frå eit utval oppretta av Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkje i september 2014, heiter det f eks i pkt. 2.1.1 at «Bispemøtet i Den norske kirke kom høsten 1993 med en prinsipiell uttalelse om kirkeasyl. Den la vekt på at kirkerommet er et hellig sted som gir mennesker som søker tilflukt der, beskyttelse mot myndigheters utøvelse av makt».

Dette gir uttrykk for eit prinsipp som ikkje er avgrensa til innvandrings- og flyktningproblematikken og som lett kan overførast til den situasjonen vi stod overfor i Spjelkavik.

Frå Spjelkavik kyrkje si side var vi både på førehand og undervegs klare på at vi korkje ville eller kunne hindre at politi og namsmann gjekk til aksjon. Kyrkjeasylet eksisterer berre fordi myndigheitene respekterer det, og kyrkja har ingen ting å setje inn når myndigheitene går inn med makt. Vi samarbeidde då også lojalt både med politiet og namsmannen i gjennomføringa av aksjonen. Men eg held fast på retten til å diskutere saka i etterkant, og det er særleg to ting ved dette som eg reint prinsipielt finn veldig interessant.

Det eine er at namsmannen og politiet for første gong, så vidt eg veit, går inn i ei kyrkje for å ta nokon ut med makt. Det andre er at samarbeidet mellom biskopen og politiet synest å ha vore svært tett i denne saka, og at politiet/namsmannen truleg har fått biskopen si godkjenning av intervensjonen. Desse to sidene ved saka bør nok først og fremst drøftast på eit høgare nivå enn i eit sokneråd, for det vart skrive kyrkjehistorie i Spjelkavik denne dagen. Kanskje bør kyrkja i eit demokratisk rettssamfunn seie frå seg heile asylretten. I alle fall bør ikkje kyrkja gjere skilnad på folk som står i konflikt med lova og rettsapparatet og sleppe nokre inn medan andre blir stengde ute.

Hentet ut av kirkeasyl: – Hun opplevde det absolutt som tvang

Frå Spjelkavik kyrkje si side er denne saka no avslutta. Både sokneråd og stab må sjølvsagt ta ei grundig evaluering av heile prosessen når vi samlast over sommaren, men mange av oss var blitt veldig glade i dei to som vandra mellom oss desse fem månadane, og vi er svært leie oss for at det ikkje var råd å løyse denne konflikten på anna vis. Vi håper på, og vi ber om, at også denne familien trass alle vanskar må finne fram til ein måte å leve saman på, der alle sine behov blir tekne i vare og der borna kan ha kontakt med begge foreldra sine.

Ketil HjelsetSoknerådsleder i Spjelkavik

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.