Det seiast at vi skal leve av havet. I følgje politikarane er det så viktig at ein kan byrje å lure på om Arbeiderpartiets har henta fram Jagland sine gamle husplanar (hugsar du?) Havrommet er namnet. Det er særs viktig. Når vi ein gong har klart å suge opp den siste dråpe både frå Barentshavet og Lofoten, blir alt levande vesen i dette havrommet viktigare. Det skal gi oss velferd, sjukeheimsplassar, vegar og nye flotte kulturhus. Korleis skal vi så leve av noko få veit kva er?

Unge superkokker: Barna åpner barnekjøkken i barnehagen

Visste du at det norske skulevesen handlar i dag svært lite om havet? Det står svært ille til. I følgje tidsskriftet Norsk Fiskerinæring, som har gjort ei undersøking, tek det 15 minutt å lese igjennom alt som står om fiskeri og havbruk i skulebøkene. Tenk det, 15 minutt av 13 års skulegang. (undersøking av alt skriftlig pensum i skulen i Eidsvoll og Oslo) Tidsskriftet har gått igjennom læreplanane og undersøkt kva fag som gjev mest undervising. Snodig nok er det i det faget ein har minst i løpet av skulen, mat- og helsefaget, at ein lærer mest. I viktige fag som natur- og samfunnsfag er det like mykje kunnskap som ei jolle tek plass i Skagerrak. Trålarar er i tillegg skumle båtar som støvsuger havbotnen. Havbruksnæringa er ikkje nemnd ein einaste gong i ei einaste av bøkene borna har frå 1-3 klasse!

Det er lett å hamre laus på andre. Slå fast kor lite som gjerast. Syte og klage. Eg har fleire gonger før hevda at dersom fleire i sjømatnæringa hadde turt å løfte blikket litt lengre enn kva kilosprisen blir neste veke, hadde folk flest set større pris på det vi driv med. Vi treng sårt å bli flinkare til å vise oss fram, by på oss sjølv og ikkje minst opne opp for kva vi driv på med. Difor trur eg ideen Svein Ludvigsen i si tid tvinga igjennom trass kritiske byråkratar, har hatt noko for seg. Visningsanlegg i havbruk trengst. Som ansvarleg for Forum for Visningsanlegg ser vi at interessa aukar. Stadig fleir vil vite, sjå, oppleve og smake. Her har og villfisknæringa mykje å lære.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Visningsanlegga ligg derimot berre langs kysten. Trekk du en trekant mellom Halden – Lillehammer og Kristiansand finn ein to tredjedelar av alt folk som bur i Noreg. Kva veit dei om havbruk? Kva veit dei om trålarar? Loddefiske eller forvaltning av kongekrabbe? Når i tillegg skuleverket gjev unge så ekstremt lite lærdom, er det på tide å gjere noko meir.

Øyvind André HaramInformasjonssjef Sjømat Norge

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.