Kronikk:

«Styrka tiltak mot mobbing»

Myndigheitene seier klart og tydeleg frå om at mobbing ikkje skal skje, det skal nytte å seie ifrå og regelverket skal verke, skriv fylkesmannen i denne kronikken.

Skulestart Frå skulestart i år er det gjort endringar i opplæringslova som skal styrke arbeidet for gode skulemiljø og for å motverke mobbing. Det inneber mellom anna ei skjerpa plikt til å handle frå skulen si side når ein har mistanke om at noko er gale. Fylkesmannen har også fått ei ny rolle. Det skal no bli lettare å klage saka inn for fylkesmannen om ein meiner at skulen ikkje gjer nok. Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB scanpix 

Alle har vi eit ansvar for å vere gode rollemodellar for barn og unge

Lodve Solholm
Leserinnlegg

Lodve Solholm, fylkesmann i Møre og Romsdal  Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal (pressefoto)

Frå første august i år vart det innført nye reglar om elevane sitt skulemiljø, kapittel 9A i opplæringslova. Dette er eitt av fleire tiltak myndigheitene har sett inn i arbeidet med å skape gode skulemiljø og motverke mobbing. Alle elevar i grunnskulen og i vidaregåande opplæring har rett til eit godt og trygt skulemiljø, som verkar positivt inn på helsa, trivselen og læringa deira. Det er skulen som er ansvarleg for at denne retten vert oppfylt.

Bekymret over det psykiske helsetilbudet for unge

– Må være tilgjengelig

Arbeiderpartiets Fredric Holen Bjørdal fra Ørsta er bekymret for at mange sliter og faller utenfor.


Ei ny handhevingsordning erstattar den gamle klageordninga. Det skal bli enklare, raskare og tryggare for elevar og foreldre å få prøvd saka si hos ein instans utanfor skulen. Fylkesmannen får no ei ny og meir aktiv rolle i skulemiljøsaker.

Nulltoleranse

Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar. Det betyr at skulen gjennom ord, handlingar og haldningar skal vise at ein ikkje tolerer at elevar blir utsett for nokon form for krenking, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Nulltoleranse er ikkje eit nytt omgrep i skulen, men det er nytt at det er lovfesta. Skulen skal arbeide systematisk og målretta med å skape gode og trygge skulemiljø for alle elevane sine.



Skolestart for førsteklassinger

– Kan ta tid å føle seg trygg

570 barn i Ålesund forbereder seg i disse dager til første skoledag.

 

Aktivitetsplikt

Ei viktig endring i lovverket er at skulane har fått ei aktivitetsplikt. Det betyr i praksis at skulen skal handle raskt og riktig når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen.

Det blir i tillegg ei skjerpa aktivitetsplikt i saker der det er ein tilsett ved skulen som krenker ein elev. Skulen si aktivitetsplikt er delt inn i fem handlingsplikter:


1. Plikt til å følgje med

Alle som arbeider på skulen har plikt til å følgje med på korleis kvar einskilde elev har det og korleis elevane har det saman med kvarandre. Dette er ein nødvendig aktivitet for å fange opp elevar som ikkje har det bra.

2. Plikt til å gripe inn

Alle som arbeider på skulen har plikt til å gripe inn og stoppe med ein gong situasjonar der ein eller fleire elevar blir utsett for negative handlingar frå andre, dersom det er mogleg.

3. Plikt til å varsle rektor

Alle som arbeider på skulen har plikt til å varsle rektor om ein får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Rektor har ei plikt til å varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.

4. Plikt til å undersøkje saka

Om ein elev seier ifrå om at ein ikkje har det trygt og godt på skulen, eller om skulen har mistanke om at ein elev ikkje har det bra, skal skulen snarast innhente nok informasjon til å avdekke kva som har skjedd. Desse undersøkingane skal skulen bruke til å vurdere kva for tiltak som skal settast inn.

5. Plikt til å setje inn tiltak

Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt eller godt, eller når skulen gjennom eigne undersøkingar finn ut dette, skal skulen sette inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.

Denne plikta omfattar også ei plikt til å følgje opp tiltaka, evaluere verknaden og eventuelt legge til eller endre tiltak dersom det er nødvendig. Skulen skal lage ei skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak.

Aktivitetsplikta inneber også at skulen skal sørgje for å involvere elevane. Dette gjer skulen ved å høyre elevane si meining. I tillegg skal skulen ta omsyn til kva som er barnets beste i alle vurderingar og handlingar skulen gjer for å oppfylle aktivitetsplikta. Barnekonvensjonen står sterkt i det nye regelverket.

Informasjonsplikt

Skulen får no også ei plikt til å informere elevar og foreldre om reglane om skulemiljø. På nettstader som nullmobbing.no og heimesida til Utdanningsdirektoratet (www.udir.no) finn ein også god informasjon om det nye regelverket.

Min første skoledag

Eva Vinje Aurdal var så stolt og fin i sin nye puddelkjole. Thomas Ryste var så nervøs at han fikk kink i nakken.


Fylkesmannen si nye rolle

Ei anna viktig lovendring er innføringa av ei ny handhevingsordning. Dersom ein elev opplever at han eller ho ikkje har det trygt og godt på skulen, er det viktig å ta opp dette med rektor ved skulen.

Rektor skal straks ta tak i saka. Skulen skal gjere aktivitetsplikta si og sørgje for at eleven får det trygt og godt igjen. Saker som omhandlar skulemiljøet skal fyrst og fremst løysast på skulen og av skulen.

Den nye lova legg likevel opp til at elevar og foreldre raskare og enklare enn før kan prøve saka si hos ein instans utanfor skulen, dersom ein meiner at skulen ikkje gjer det den skal. Dersom eleven eller foreldra har tatt kontakt med rektor og opplever at rektor ikkje tar tak i saka innan det har gått ei veke (fem vekedagar), kan dei ta direkte kontakt med Fylkesmannen.

Vi vil då undersøke saka og ta stilling til om skulen har oppfylt aktivitetsplikta si. Dersom vi kjem fram til at skulen ikkje oppfyller aktivitetsplikta, vil eleven få medhald.

Vi fattar då eit vedtak, der vi anten krev at skuleeigar finn ei løysing på saka eller vedtek kva for tiltak skuleeigar skal sette inn.

Lav terskel

Det skal vere lav terskel for å ta kontakt med Fylkesmannen. Frå skulestart vil eit digitalt meldeskjema vere på plass på nettsida vår: www.fylkesmannen.no/fmmr/mobbing

Dette skjemaet kan elevar og foreldre bruke for å seie ifrå om mobbing eller dårleg skulemiljø. Det vil også vere mogleg å nå oss både på telefon og e-post. Det står meir informasjon om dette på heimesida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal www.fylkesmannen.no/fmmr/mobbing.

Eit samfunnsproblem

Mobbing har blitt eit samfunnsproblem. Eit nytt lovverk og regelverksendringar vil åleine ikkje løyse utfordringane med mobbing og dårleg skulemiljø.

Det ligg i skulen sitt mandat å sørgje for å førebyggje, avdekke, stoppe mobbing og gjenopprette eit trygt og godt skulemiljø for elevar som blir utsett for dette.

Det er vanskeleg, om ikkje umogleg, for ein skule å klare dette åleine utan å få hjelp frå samfunnet rundt seg. Alle har vi eit ansvar for å vere gode rollemodellar for barn og unge ved at vi gjennom haldningar, ord og handlingar viser at alle skal vere inkludert og ved å framsnakke kvarandre.

Saman står ein sterkare i kampen mot mobbing og andre krenkingar.

Riktig godt og trygt nytt skuleår til alle!