Som nyleg pensjonert norsklærar har eg gjort meg nokre tankar om kvifor elevar i vidaregåande skule har ein tydeleg tendens til å velje bort nynorsk som hovudmål.

Dei svara som melder seg først, er sjølvsagt at dei har bokmålet rundt seg på alle kantar, på internett og andre medium. Sjølv skriv dei på dialekt på sosiale medium, til og med til norsklæraren. Det er kjempeflott at sosiale medium gjer at ungdommar skriv meir, men kan det vere slik at dialektskrivinga øydelegg for eit reint nynorsk språk?

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Når eg har spurt elevane kvifor dei vel bort nynorsk, har eg fått slike svar:

• Eg hadde ikkje noko val på barne- og ungdomstrinnet, men vart aldri fortruleg med å skrive nynorsk.

• Eg gjer fleire feil når eg skriv nynorsk enn når eg skriv bokmål.

• Eg vil ha gode karakterar, og det er lettare å greie med bokmål som hovudmål.

Når eg har spurt bokmålselevar kvifor dei har imot nynorsken og sidemålet som prinsipp, har eg fått slike svar:

• Vi hadde nesten ikkje undervisning i nynorsk på ungdomsskulen.

• Kvifor skal vi lære to måtar å skrive norsk på?

• Alle skriv bokmål og dialekt når dei ikkje skriv skuletekstar på nynorsk.

Når ungdommane vert myndige det året dei skal ta eksamen, kan ikkje læraren gjere anna enn å prøve å påverke dei heller. Dei tek avgjerda sjølv.

Eg har inga løysing på problemet, og det er heller ikkje sikkert at alle norsklærarar har same oppfatning eller erfaring, men dersom det er slik at mange ungdommar i Ålesund held fram med å skrive bokmål etter at dei har avslutta skulegangen, kan det jo vere at her er ei kampsak for målungdommen?

Unni BrevikAspøy

Har du noko på hjartet? Send innlegg ditt til debatt@smp.no.