Helge Orten (H) vedgår i Sunnmørsposten at prisen på Møreaksen må kuttast for at prosjektet kan bli realisert. Han veit ikkje kor mykje, men han veit kvar det ikkje kan kuttast. Han meiner at brua over Julsundet må byggast med fire felt og han seier at Statens vegvesen krev at ein tunnel under Molde må ha fire felt fordi den er ein del av E39.

Han seier det ikkje, men tar det vel som gitt at også vegen mellom Julsundet og Molde skal ha fire felt (?). Han meiner og å vite kvar ein kan spare. Jau, det er på strekninga Vestnes – Ålesund, der han meiner det kan byggast tofeltsveg der ein legg til rette for firefelts veg seinare når behovet er der.

Er ikkje Helge Orten klar over at vegen Ålesund – Vestnes skal ta trafikk som både går gjennom den undersjøiske tunnelen og trafikk som skal til/kjem frå E136 (Ålesund – Dombås)? Vil vegen Ålesund – Vestnes verte den aller mest trafikkerte vegen i fylket, utan at Helge Orten ser dette for seg?

Sunnmørspolitikarane må forlange at Digernes-Vestnes blir ferdigstilt samtidig, og med same standard som Julsundet-Molde, og at det må sparast ved å bygge tofelts bru over Julsundet dersom ikkje heile strekninga Digernes-Molde skal ha firefelts veg. Her må ostehøvelen fram. Det gir tofeltsveg, unnateke den undersjøiske tunnelen, som pga. sikringskrav må ha to løp.

Kjell HoveÅlesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.