Statssekretær i Utanriksdepartementet, Marit Berger Røsland, svarar i fleire aviser på innlegget mitt om SV-kravet om norsk tilslutning til FN-traktaten om forbod mot atomvåpen. Det er vel ikkje så uventa at H og SV er usamde i dette spørsmålet. Berger Røsland argumenterer m.a. med pliktene overfor NATO. Ettersom spalteplassen er trong for tida, skal eg prøve og vere kort: Noreg er ein suveren stat, og regjeringa kan signere og ratifisere forbodet utan å melde oss ut av NATO.

Kan du love: Slik svarer politikerne på spørsmål fra leserne

Det vi bind oss til er å ikkje lagre atomvåpen på norsk jord verken i fredstid eller krigstid, å ta avstand frå kjernefysisk avskrekking, og å ikkje delta i øvingar med våre allierte som er relatert til bruk av atomvåpen. Etter det eg veit står det ingenting om atomvåpen i Atlanterhavspakta som Noreg er juridisk bunden av. I NATOs strategiske dokument står det at medlemmene skal jobbe for ei verd utan atomvåpen, og at så lenge atomvåpen finst så skal NATO ha dei. Forbodet mot atomvåpen vil jo nettopp vere ein reiskap for å kome nærare ei verd utan atomvåpen!

Korleis kan Noreg som NATO-medlem vente at andre statar utanfor alliansen rustar ned, hvis vi ikkje er villige til å jobbe for at vår eigen allianse gjer det? Gjensidig nedrustning er etter mitt syn nøkkelen til ei atomvåpenfri verd, og då må alle partar ta ansvar.

Valg 2017: Les alle sakene om valgkampen

Ingen trur at USA vil ruste ned sine atomvåpen utan at Russland og Kina gjer det same. Vi må bruke forbodet mot atomvåpen til å presse atomvåpenstatane til forhandlingsbordet!

Berger Røsland skriv om avskrekkingsstrategien til NATO, og faren for instabilitet dersom NATO avviklar den einsidig. Det er uansvarleg, skriv ho. Eg og SV meiner det er meir uansvarleg å stilleteiande vere samde i NATOs kjernefysiske avskrekking. Det er naivt å tru at det ikkje vil gå gale viss vi held fram med å basere «tryggleiken» vår på atomvåpen dei komande tiåra.

Ingrid Opedal Møre og Romsdal SV

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.