«Kommune-reforma nok ein gong»

I Aftenposten sist laurdag går Ålesund sin ordførar ut med at alle interkommunale avtaler som Ålesund har med kommunar i Ålesundsregionen vil bli avslutta frå 1 jan 2020.

Bjørn Sandnes  Foto: ARKIV

Leserinnlegg

Gamle Ålesund vil slutte å eksistere som juridisk eining 1. jan. 2020. Mange av kommunane i vår region har mellom 40 og 60 interkommunale avtalar. Til dømes kan no ÅRIM (Ålesunds Regionens Interkommunale Miljøselskap) bli ÅKMI (Ålesund Kommunes Miljøselskap). Kva vil dette bety?

Det som er ganske så sikkert er at interkommunalt samarbeid vil bli vesentleg mindre i framtida enn det har vore så langt.

Konsekvensen kan bli at mindre kommunar må kjøpe tenestene til ein avtalt pris av ei større kommune, alternativt å starte opp eigne selskap.

Prisen vil neppe vere konkurransedyktig i forhold til dagens ordning. Større kommune som nye Ålesund vil slik eg ser det ha fortrinn her. Dette er ein av fleire grunner til at Høgre og eg har sett at Noreg treng ei strukturendring når det gjeld kommunegrensene.

Som ein av forkjemparane for ei slagkraftig kommune i vår region har valkampen vore både spanande og interessant. Eg har møtt mange positive menneske som både er einige og ueinige med meg.

Mitt inntrykk er at folk i Haram ikkje på langt nær er så negativ til reforma som det har vore framstilt.

Mange eg har møtt er imot tvang, men dei er likevel for ei samanslåing med Nye Ålesund. Ingen synest det er kjekt å bli tvangsinnlemma, heller ikkje eg synest det er greitt.

Vi må likevel ikkje gløyme at dei som har gjort det overordna vedtaket, nemleg Stortinget, har sett på heilskapen. Då må ein sjå på fordelar og ulemper for dei 65000 innbyggjarane i Nye Ålesund kommune, ikkje berre dei 9300 i Haram.

Mitt inntrykk er at fakta ikkje har blitt gitt tilstrekkeleg vekt i debatten. Det har også SP-ordføraren i Os kommune ved Hamar fått med seg, han har uttalt at: «Folks følelser trumfet fakta og reelle utfordringer da de stemte mot kommunesammenslåing».

Under ein debatt på ID-huset 5.9 avslutta KrF sin representant sitt innlegg med å truge med eigedomsskatt dersom Haram blir ein del av Ålesund. Har Frisvoll gløymt kva økonomisjefen i Haram grundig forklarte for ho?

Nemleg at mogeleg eigedomsskatt er det den nye kommunen som skal avgjere. Vi merker oss at Randi Frisvoll og KrF i Haram har gått i allianse med dei to partia som garanterer at dei vil auke skattane dersom dei kjem i regjering. Nemleg Ap og Sp.

Bjørn Sandnes