Mange tek hurtigbåt kvar dag mellom Ålesund og Harøya, både til jobb, skule, sjukehustimar eller kva det måtte vere. Då kan det ikkje vere slik at ein ska lure på om ein rekk det ein skal, enten der er det eine eller det andre. Når båten ikkje greier å legge til på enkelte kaier i frisk bris til liten kuling ein gong, kva skjer då?

Dette skjedde til dømes mandag 02.10.2017 kl: 07.00. Då klarte ikkje båten å legge til på Løvsøya. Kva då med skuleelevane som ikkje kjem seg på skule til rett tid, no i desse strenge fråverstider på skulen?

Det er heller ikkje noko betre for dei som jobbar eller med dei som skal nå flybuss eller anna vidare transport.

Det er ikkje berre å ha det billigaste anbodet når ein ikkje klarar å levere båtar som ikkje toler veret. For det er vel helst nødvendig at dei skal tole all slags ver, og ikkje måtte kjempe i kvar hamn?

Det bråkar so ein ofte må halde seg for øyrene, og det er ikkje bra for høyrselen. Kva kjem det av? Er det noko som manglar her?

Eg vil bere avslutte med at eg syns det er forkasteleg i 2017 at ein ikkje har ein hurtigbåt som kan gå i det meste av ver og som kan vere litt meir stillegåande.

Dette er ikkje haldbart!!!

Kamilla Haram Haramsøy

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.