Meiningar i Sunnmørsposten

«Sauebonden får for lite att for arbeidet»

Eg var på ein butikk for litt sidan der såg eg at dei hadde pinnekjøt av sau til sals for kr 159 pr. kg.

Sauer   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Ytring

Sonen min hadde då nyleg fått oppgjer for dyr han hadde levert til Ringdal. For sau fekk han litt over fire kroner pr. kg. Kvar er logikken i dette når prisen på kjøtet stig med so store summar frå det som bonden får til det ligg i butikken.

Rett nok so letnar kjøtet litt når det blir tørka men det forklarer på ingen måte den enorme prisforskjellen frå bonde til butikk, og derfor lurer eg på kven som har mest arbeid med desse dyra frå dei blir fødde til dei blir slakta er det bonden, slakteriet eller butikken.

Eg veit ikkje kven som fastset prisane på kjøt men uansett her er det store skeivheiter ute og går.

So her har ikkje landbruksminister Jon Georg Dale mykje å skryte av, sjølv om han kjem frå eit småbruk med sauehald.