I Sunnmørsposten 16. nov skriv Landbruks- og matminister Jon Georg Dale om overproduksjon. Han går imot dei som meiner at det bør kuttast i investeringstilskot til sauehald i den overproduksjonssituasjonen vi no er i, og meiner at auka marknadsføring og sal av saue- og lammekjøt er løysinga.

Eg er samd med Jon Georg i mykje av det han skriv, men han utelét ein vesentleg faktor. Det har nemleg vorte slik dei siste åra at den enkelte saueprodusent gjennom både pris og tilskot er stimulert langt sterkare enn før til å levere så mange lam som råd, så tunge lam som råd og ha så mange vinterfôra sau som råd.

Det har gjort at dei fleste har auka sin leveranse av kjøt, og at mange har funne det lønnsamt å investere i nye bygg for å auke produksjonen, og til dels svært mykje større fjøs enn dei sjølv hadde før og større enn det som har vore vanleg i sauehaldet.

Sauehald er godt eigna som deltidsyrke saman med anna landbruksproduksjon eller lønsarbeid.

Dei mange små besetningane er dei som best held kulturlandskapet i hevd, og er også svært viktige i avlsarbeidet. Det er ikkje noko mål å gjere alle til heiltidsbrukarar. Dei største endringane kom i 2014 da Stortinget fastsette jordbruksoppgjeret etter brot i forhandlingane. Da vart grensa for kor mange dyr ein kan få tilskot for å ha, i praksis fjerna. Dei store besetningane med over 200 sau fekk vesentleg auke i husdyrtilskotet. Det same med arealtilskotet.

Kvalitetstilskotet på lam vart auka med nesten 150 % til 500 kr pr. lam av god nok kvalitet. 500 kr ekstra pr. lam er svært avgjerande for økonomien til den enkelte, og alle gjer difor det dei kan for å fore opp lamma til tilstrekkeleg vekt for å oppnå rett klassifisering og utløyse tilskotet. Inkludert å sette dei lamma som ikkje fyller krava inn i fjøset og fôre dei med kraftfôr med importert soyamjøl og roesnittar. Kan hende burde tilskotet vore fordelt på fleire trinn i ulike kvalitetsklassar i staden for dagens enten- eller opplegg.

Jon Georg Dale skal ikkje ha skulda for dette åleine. Største skulda ligg på forgjengaren Sylvi Listhaug og på Stortinget som gjorde endringane i 2014. Mykje skuld skal og fordelast mellom aktørane i næringa som ikkje tydeleg nok har åtvara om at dette ville bli resultatet.

Det som bergar økonomien til sauebøndene no er marknadsreguleringa næringa sjølv gjer. Dersom Dale hadde fått viljen og fjerna marknadsordningane ville vi vore i eit langt verre uføre.

Vi må saman finne ut av kva som er årsaka til at forbrukarar som vil ha saue- og lammekjøt ikkje finn anna enn pinnekjøt etter midten av oktober, sjølv om det er fulle lager. Kvifor tilbyr ikkje butikkane fårikålkjøt, lammebog osv. heile året – eller i alle fall heile hausten?

Vi må også vurdere om ein større del av økonomien i sauehaldet må kome frå stell av kulturlandskapet og mindre frå levert kvantum. Tilskota bør kanskje dreiast noko bort frå driftsstorleik og talet på dyr og kilo levert og over til dei første dyra, og auke for aktiv beiting.

Eg må og peike på den openberre misforståinga når Dale samanliknar investering i mjølkeproduksjon og saueproduksjon. I mjølkeproduksjonen er det kvoteregulering som gjer at når ein bonde investerer i nytt og større fjøs er det samtidig ein eller fleire mindre produsentar som avviklar.

Slik er marknaden i same balanse før og etter utbygging. Slik er det ikkje i sauehaldet.