Det er sjølvsagt både greitt og viktig at ein drøftar pro og kontra i slike saker, men no synest eg etter kvart at det nærmar seg mistenkjeleg ei kampanje.

Bør ikkje journalistar – og vi andre – spørje oss kven som kan ha interesse av å setje Årim i eit dårleg lys? Kven skal tene på det?

Årim er så heldig at dei har ein dagleg leiar som er sjeldan interessert i det han driv med, har store kunnskapar og både evne og vilje til å gjere godt arbeid og til å samarbeide for gode løysingar for fellesskapen (viser til det rolege og nøkterne innlegget han hadde 18. november).

Det er ikkje alle etatsleiarar som har ein så høg himmel over det dei driv med!

Søppelhandtering er ei svært viktig miljøoppgåve i dag, og vil i framtida vere det i endå større grad.

Det er alltid slik at mange er skeptiske til nye ordningar.

Kanskje er det bra at demokratiet er treig på den måten. Men det må vere mon i alt.

Det er ei større sak at verda druknar i søppel og sløser med ressursar enn at husstandane må handtere fleire dunkar!

Kvifor vert det opphissa debatt om noko slikt medan vi til dømes nesten ikkje ser engasjement for å få ei bybane, eller for at folk skal bruke mindre privatbil?

Eg er òg forbløffa over at ikkje fleire politikarar engasjerer seg til forsvar for sitt eige selskap. Årim er eigd av kommunane Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes, Ørskog og Ålesund.

Kjenner ikkje nokon politikarar i desse eigarkommunane – som til saman har over 100.000 innbyggarar – ansvar for å forsvare eit selskap dei eig, som tenkjer framtidsretta og som gjer godt arbeid?

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!