Kommunereform:

«Grenda-politikarar på framtidige vegar»

Fellesnemnda for nye Ålesund  Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg

Verda er i endring, om ein likar det eller ei. Det er ei kjent sak frå psykologien, at dersom ein føler seg utrygg, kanskje nettopp på grunn av store endringar i livet, så vert ein først redd, men så kan denne redsla ofte også gå over i sinne.

I mange innlegg ser det ut som sinnet er i ferd med å få overtaket. Kraftigare ordbruk vert etterkvart teke i bruk. I eit innlegg i Sunnmørsposten nyleg blei det også lansert eit nytt omgrep; «Nykommunistene»?


Eg har forståing for at dei som bor i bysentrum, er glad i byen sin, og at dei er redd for at det skal skje noko uønskt med Ålesund by. Men så er det vel også klart for dei fleste, både i byen og distriktet, at det hadde ikkje vore rare greiene i byen heller om ikkje menneska frå distrikta rundt hadde gjort sitt «inntog» i nettopp i byen.

Eg kjenner opp til fleire frå mi «grend» som driv flotte forretningar nettopp i bysentrum, og dei er like mykje opptekne av at det skal vere ein pulserande by, på dagtid og elles, som dei som er oppvaksne og bor i Ålesund sentrum.

Under min oppvekst i «Skøye», som «kassebygder», hadde vi eit stort innslag av byfolk, særleg om sommaren, der dei kondisjonerte ålesundarane hadde sine flotte «landsted» og hytter. Anders Liaaen kom til og med køyrande i sin svarte bil med privatsjåfør. Mange leigde også ut hovuddetasjen i huset sitt til byfolk, og budde sjølv i kjellaren.

Mange hugsar vel historiene bak både Jentekolonien og Guttekolonien, og sjølv har eg framleis gode venner frå byen som eg fekk gjennom desse «koloniane». Men verda går vidare, og vi med den.


Kronikk: Kommunereform

Slik bygger vi nye Ålesund kommune

Vi som kanskje under tvil har delteke i kommunereformprosessen, har måtte tole mykje stryk, men har også fått ein del ros for at vi har våga å ta på oss denne utfordrande oppgåva, med og freiste å medverke til at at alle skal ta i mot dei tenestene som alle innbyggjarane har krav på i dagens samfunn, same kvar dei bur.

Dei fleste kan vel også vere einige om at vi i dag lever i det eg kallar «kravsamfunnet». Og krava er ikkje små!

Veldig ofte ser vi at ein vel og legge sine familiære forhold ut på fyrstesida i avisene for å presse gjennom sine egne synspunkt, kanskje etter at saker har vorte grundig handsama av dei som har teke på seg ein jobb med og løyve tenester etter eit regelverk dei ikkje sjølv har laga.

No tildags er det ikkje vanskeleg å finne seg eit «mikrofonstativ» der ein kan ytre seg både om samfunnet og enkeltpersonar, ofte på måtar ein knapt trudde var mogleg.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vi som har teke del i denne prosessen, har mang ein gong tvilt om det er verd prisen når ein av og til ser dei verste «velkomsttalane» frå dei som alltid veit best, nettopp frå byen.

Men eg vel og tru at der finst eit fleirtal som kan stille seg bak eit innlegg i Sunnmørsposten måndag 27. november.

Innlegget er ført i pennen av Egil Røssaak, og dette gjer at eg for min del, forsett har trua på at dette skal gå bra.

Terje Vadset
Nye Ålesund Frp

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.