Korleis er det mogeleg å vanskjøtte så grundig noko som for femten år sidan var eit institusjon som berre etter det første opningsåret vart nominert til Årets museum? Eit senter som vart teke i mot med applaus frå så vel ekspertar som gaidbøker?

Eg er ingen nøytral tilskodar. Eg var med å bygge opp Jugendstilsenteret under leiing av ein sjeldan dyktig sjef og kollegaer som brann i lag for det vi heldt på med. Eg slutta etter ti år, med sorg i hjartet og mange illusjonar fattigare. Kva som skjedde med senteret har eg skrive om i Sunnmørsposten 29. august 2015.

Det er klart at eg har denne sorga med meg når eg no vitjar Jugendstilsenteret. Men eg ville ikkje brukt det mot dei som arbeider der i dag og som ikkje har ansvaret for at det gjekk som det gjekk. Det må inkompetente leiarar ved kulturavdelinga i fylket og minst like inkompetente politikarar i Ålesund ta skulda for. Likevel er det så tydeleg at Jugendstilsenteret vart og er vanstyrt etter at det vart slått saman med Kube. I alle fall om ein skal sjå på utstillingane, og kva skal ein elles måle ein kulturinstitusjon etter enn det dei viser offentleg?

I underetasjen er der utstillingar om handverk. Denne utstillinga fekk vi særleg ros for av kollegane i det internasjonale nettverket av di vi hadde framheva dei som faktisk bygde gjenreisingsbyen. Her kan det ikkje ha vore tørka støv i montrane på mange år. Bilda i botnen er dekte av seigt støv. Det er ikkje skifta lysrøyr under bilda, så dei fleste montrane står fram mørke, triste og vanstelte. Alle skjermane som hang der og viste detaljar frå husa, er tekne ned og ingenting er kome opp i staden. Heile etasjen er mørk og stussleg og gjev akkurat det motsette inntrykket av det vi ynskte – å framheve dei som i praksis skapte byen.

På veg opp til andre etasje kjem det einaste lyspunktet, det restaurerte trappehuset. Eit arbeid som vart utført under den førre direktøren. Men sidan er det vidare nedtur. I det gamle kjøkenet i andre etasje var der eit fantastisk multimedia-program som folk ynskte å kjøpe kopi av etter at dei hadde sett det. Programmet sette på ein framifrå måte Ålesund i samanheng med det som skjedde i Noreg og andre land i same epoke. Dette er teke ned. Rommet er roterom for ditt og datt. Eit anna multimediaprogram – skapt av same kollega som ein del av samarbeidet i det internasjonale nettverket, er teke ned. No er halvparten av andre etasje stengt.

Paraderommet framfor noko – den originale spisestova, står òg fram som trist. Sylvtyet som står på bordet må ikkje ha vore pussa på år og dag. Det hadde vel ikkje kosta så mykje om ein laga til eit julesmykka bord under advent i det minste.

Eg saknar òg dei to delane av portieren av Frida Hansen. Ein viktig del av utstillinga om tekstilkunsten.

I alle åra sidan samanslåinga har Jugendstilsenteret fungert som pengemaskin for KUBE der utstillingane skiftar tett, medan Jugendstilsenteret er inne i ein stadig raskare nedgåande spiral der det ikkje ein gong blir skifta lysrøyr i montrane.

Av og til er det så trist å få rett.

Og skulda ber byen og fylket åleine.