Aud Farstad.

Det var med stor uvilje eg gav meg inn på ein diskusjon om Jugendstilsenteret. Etter at eg gjekk ut derifrå for godt hausten 2010 og etter at artikkel om Ålesund var kome på trykk i Årbok for Fortidsminneforeningen i 2011, var eg ferdig med den delen av livet mitt.

Eg har vore innom Jugendstilsenteret høgst fire, fem gonger i åra etterpå.

Men då eg gjekk ut med gjestene mine laurdag 9.12 kunne eg ikkje teie.

Lesarinnlegg frå Aud Farstad: «Jugendstilsenteret ein nedtur»

Og det leiinga ved Kulturkvartalet svarer laurdag 16. stadfester berre kritikken eg har kome med både 25.8.2015 og no.

Då Jugendstilsenteret opna sommaren 2003 var det drifta heilfinansiert av staten. Det var ei politisk bragd av Thor Bjørlo å få det til trass massiv motstand frå Kulturdepartementet. Ålesund fekk altså eit nasjonalt kultursenter som ikkje kosta skattebetalarane i Ålesund ei krone i drift.

På kjøpet fekk småbyen del i eit internasjonalt samarbeid med viktige jugendstilbyar over heile Europa. Ved opninga hadde vi ei sensasjonell utstilling av MacIntosh-stolar. Òg ei bragd av Bjørlo.

Etter tips frå Thor Bjørlo byrja arbeidet med å få til eit fylkesgalleri i det gamle Noregs Bank-bygget tett ved. Men kulturavdelinga i fylket med den førre kultursjefen i førarsetet, klarte ikkje å få til driftsfinansiering.

At bystyret og administrasjonen i Ålesund kommune gjekk med på noko slikt skuldast – etter mi vurdering – ei blanding av inkompetanse og småby-jante.

Dei statlege midla, som er der takka vere Jugendstilsenteret, vert altså delt mellom to institusjonar i tillegg til at alle stillingane òg vert delte.

Det vil seie at Jugendstilsenteret ikkje har meir å rutte med enn det hadde for over femten år sidan samstundes som dei ikkje har heiltidstilsette att på senteret. Ikkje rart at utstillingane ikkje vert fornya, men berre plukka ned når ein ikkje har pengar til nye skjermar og datamaskiner! Dette samstundes som direktøren seier at besøkstala på Jugendstilsenteret ikkje har vore større nokon gong,

Det er interessant å merke seg at det einaste av skjermar og multimedia som ikkje er tekne ned på Jugendstilsenteret er tidsmaskina. Det er den som først og fremst trekker besøkande til Kulturkvartalet og gjev pengar i kassa.

Resten av Jugendstilsenteret står ribba.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Utan multimediaprogrammet i det gamle kjøkenet er det ikkje noko som i dag set det som skjedde i Ålesund i samband med resten av verda. Dette er som å trekkje framtennene ut på eit menneske.

Jugendstilsenteret var noko som strekte seg ut over småbyen. Dette aspektet er tapt no. Og ein treng ikkje stort med løyvingar for å skifte lysrøyr, pusse sølv og vaske i montrane. Dersom ein tek gjenstandar ned for restaurering set ein opp ein plakat om det.

Eg vil streke under at eg ikkje er i mot eit kunstmuseum. Det er utan tvil ei vinning for byen. Jugendstilsenteret er ein tapt sjanse som lokalsamfunnet ber heile ansvaret for. Om nokon lærer av det er eg derimot sterkt i tvil om.

Aud FarstadHistorikar og tidlegare tilsett ved Jugendstilsenteret

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.